Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Vedteken reguleringsplan for Grindheimsvåg fritidsbustadar

Kommunestyret har i møte 24.09.2018 med heimel i Plan‐ og bygningslova §12‐3 vedteke privat detaljreguleringsplan for fritidsbustader Grindheimsvåg gnr. 15, bnr. 106 og gnr. 14, bnr. 214 og 61 m.fl. i Bømlo datert 27.04.2018 med tilhøyrande reguleringsføresegner.

 

Vedteken detaljreguleringsplan for fritidsbustader Grindheimsvåg 15/106, 14/214, 61 m.fl. planid 201402 i Bømlo kommune. Kart. (ABO plan og arkitektur Stord AS) - Klikk for stort bilete

Hovudføremålet med planen er å legga til rette for oppgradering / bruksendring av eksisterande naust til fritidsbustader. Samstundes vil planen regulere eksisterande vegtilkomst frå Grindheims-vegen, samt areal for parkeringsplassar til fritidsområdet. I gjeldande kommuneplan er plan-området sett av til bustad,fritidsbustad, naust, LNF-område og bruk og vern av sjø og vassdrag.

 

Vedtak (PDF, 366 kB)

Følgjebrev (PDF, 164 kB)

Føresegner (PDF, 105 kB)

Plankart (PDF, 2 MB)

Planomtale (PDF, 5 MB)

Skredkartlegging (PDF, 2 MB)

Vedlegg skredkartlegging (PDF, 2 MB)

Kunngjering vedtak (PDF, 48 kB)


Planområdet femner om inste delen av Grindheimsvåg på Moster, og er inkludert i området som er definert som tettstaden Mosterhamn. Plan-området er i underkant av 10 daa stort. Følgjande eigedomar ligg innanfor planområdet: gnr/bnr 14/214 og 15/106, samt delar av 14/3, 13 33 56,61, 78, 95, 108, 167, 212, 215 og 237, samt delar av Gnr./bnr. 15/8, 14, 30, 44, 95 og 117. Oppdragsgjevar og tiltakshavar er Arne Stenersen og Kjell Stenersen. Utførande konsulent er ABO Plan & Arkitektur Stord AS.

Sist endra 03.10.2018 10:52
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering