Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Vedteken reguleringsplan for naustområde Klubben på Alvsvåg

Kommunestyret i Bømlo har i møte 06.04.2020 sak PS 24/20 vedteke reguleringsplan for naustområde Klubben 110/6 mfl. Alvsvåg planid 201617.

Plankart for vedteken reguleringsplan for naustområde Klubben Alvsvåg. (Multiconsult AS) - Klikk for stort bilete

Planområdet er lokalisert på Alvsvåg, sør for Svortland. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for naustområde, inkludert flytebrygger, kai, båtopptrekk, tilkomst og parkering. Områda der det er planlagd utbygging er i all hovudsak i tråd med overordna plan, og ligg som naustføremål i kommuneplanen.
 
Planframlegget opnar for etablering av maks 15 nye naust, med tilkomst og parkering. 12 av desse nausta er regulert inn på eigedomane til tiltakshavarane.
 

Planomtale

Planomtalen skildrar det planlagde tiltaket, det er utarbeidd ein ROS analyse, og det er gitt ei vurdering av konsekvensar for viktige tema. Konklusjonen er at planframlegget har akseptabel risiko, og det er ikkje avdekka at dei planlagde tiltaka har alvorlege konsekvensar for dei utvalde temaa.
 
Planområdet omfattar heile eller deler av eigedomane 110/4, 5, 6, 53, 54, 61, 63, 72, 76, 151, 159, 161, 162, 196, 238, 246, 249, 250, 255, 267, 296 og 300. Området er ikkje regulert tidlegare, og omsøkt areal grensar ikkje til eksisterande vedtekne planar.
 
Etter oppmoding frå kommunen er eigedomane 110/54,196 og 246 inkludert i planområdet. Planområdet inkluderer også eksisterande naust, flytebrygger og tilkomstvegar fram til kommunal veg, Alvsvågvegen. Plangrensa er soleis sett av kommunen.
 
Tiltakshavarar er grunneigarane Per Alfsvåg (110/162), Helge Alfsvåg (110/161), Martha Alfsvåg (110/53), Are Knutsen Alvsvåg (110/6), Per Rasmussen (110/76) og Bernhard Espevold (110/300).
 
Utførande plankonsulent er Multiconsult Norge AS.
  

Klageadgang

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen i Vestland av dei som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse jfr. Plan‐ og bygningslova av 27.06.2008 §§12‐12 og §1‐9 og Forvaltningslova kap. VI. Eventuelle klager skal setjast fram skriftleg ovanfor Bømlo kommune innan 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 år frå denne kunngjeringa, jfr. Plan‐ og bygningslova §§15‐2 og 15‐3.
 
Eventuelle klager og krav om erstatning vert å senda:
Bømlo kommune
Rådhuset
Leirdalen 1
5430 Bremnes.
 
 
 
Sist endra 16.04.2020 15:54
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering