Vedteken reguleringsplan for naustområde Sønstabøvåg

Kommunestyret vedtek med heimel i Plan‐ og bygningslova § 12‐3 privat detaljreguleringsplan for fritidsbustad‐ og naustområde med tilhøyrande småbåtanlegg, kai, trafikkareal og parkeringsplassar på gnr. 104, bnr. 5 m.fl. i Sønstabøvåg i Bømlo datert 27.10.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner.

Sønstabøvåg 104/5 - Plankart. (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete

Forslagsstillar er Toralf Meling. Plangrensa er sett i samråd med kommunen. Planområdet utgjer totalt ca. 6,9 daa.

 

Vedtak (PDF, 278 kB)

Følgjebrev (PDF, 165 kB)

Føresegner (PDF, 539 kB)

Plankart (PDF, 2 MB)

Planomtale (PDF, 3 MB)

VA (PDF, 319 kB)


Føremål

Reguleringsplanen er å leggja til rette for etablering av 3 (5) nye naust med tilhøyrande tilkomstveg, parkeringsplassar, kai, flytebrygger og båtplassar. Etter ynskje frå kommunen tek ein også med tilgrensande eksisterande naust- og fritidseigedomar i sør, samt tilkomstvegen opp til fylkesveg Fv14.

 

Eksisterande område for naust- og fritidseigedommar, som inngår i planen, omfattar 9 tomter som er bygd ut med til saman 2 fritidsbustadar og 5 nausteiningar. To av dei eksisterande nausttomtene er ikkje bygd ut, men det skal etablerast naust på sikt. 

Sist endra 07.04.2017 15:15
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering