Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Vedteken reguleringsplan FV542 Notland-Mosterhamn

Bømlo kommunestyre har i møte 30.09.2019 sak PS 75/12 i medhald av Plan- og bygningslova §12-3 vedteke Reguleringsplan for FV 542 Notland-Mosterhamn. Planid 201612. 

Vedteken reguleringsplan for FV 542 Notland-Mosterhamn. Plankart 1. (Statens Vegvesen) - Klikk for stort bilete

Statens vegvesen har laga framlegg til reguleringsplan. Den utløysande faktoren for prosjektet er at det manglar gjennomgåande gang- og sykkelløysning frå Notland til Mosterhamn. I tillegg er det fleire stader der dagens kurvatur gir farlege situasjonar og dårleg framkome. Prosjektet er høgt prioritert i Bømlo kommune både for trafikktryggleik og GSløysning.
 

Vegstandard

Deler av dagens fv 542 frå Notland til Mosterhamn har enkelte stadar både dårlig horisontal og vertikalkurvatur. Spesielt frå Notland til sentrum er det dårleg kurvatur med « Salemsvingen» som verste punkt. Dagens bredde på køyrevegen varierer mellom 4,0 og 7,0 meter. Det er med andre ord ikkje nokon fast standard for strekninga. Fartsgrensa er 50 km/t.
 

Trafikkprognose:

Notland-Mosterham ÅDT 1600 i 2016 og 2177 i 2040.
 

Køyrevegar

Val av dimensjonerings klasse vert bestemt på bakgrunn av trafikkmengde, områdetype og fartsgrense. Det er allereie i bestillinga fastsett at det skal nyttast utbetringsstandard. Det som vert litt spesielt for dette prosjektet er at man har tre ulike delstrekningar der man ikkje kan bruke same dimensjoneringsklasse for alle 3. Det vert også nytta ny handbok N100 som er ute på høyring. Denne handboka har ingen vegklasse som har 50 km/t eller lågare, det vil seie at det er eit gateprofil som vert dimensjonerande for dette prosjektet. Det som me har beskrive som del 1, vil ha ein gjennomgåande standard sidan det er her med endrar sjølve veglinja. På resten av strekket endrar me ikkje veglinja, derfor vil vegen ligge som han gjer i dag, med løysing for mjuke trafikantar parallelt.
 

Gang- og sykkelveger, fortau og gangfelt

Prosjektet vil gjere at man har samanhengande GS-system heile vegen til Moster sentrum, Moster amfi/Moster kyrkje og vidare ned til hamna. Som vist tidlegare så vert prosjektet delt i tre delar. Del 1 har parallellført gang- og sykkelveg med 1,5 meter buffersone som skilnad. Del 2 har tosidig fortau gjennom sentrum av Moster og del 3 er ei minimumsløysing med einsidig fortau ned mot hamna. Heilt vest i planområdet går gang- og sykkelvegen i ei «sløyfe» for å ta unna høgde. Det er både dyrt og komplisert å byggje langsgåande gang- og sykkelveg for dette strekket, derfor vil det verte regulert inn ei trapp opp til toppen av gang- og sykkelvegen, for at ikkje folk skal gå i vegen og heller nytte seg av undergangen.
 

Nærare omtale av planstrekninga

Prosjektet vil legge til rette for at mjuke trafikantar vil ha eit tilbod heile vegen til Moster sentrum og vidare ned mot hamna. Gang- og sykkelløysingane vil gå langs fylkesvegen heile vegen, med unntak av heile vest i planområdet der det vil setjast opp ei trapp.
 
Som nemnt tidlegare så er ein fin måte å beskrive strekninga på, å dele den inn i 3 «delområder». Del 1 frå Notland til sentrum er vanleg køyreveg med parallellført gang- og sykkelveg, medan del 2 har meir sentrumspreg som sentrum av Moster med tosidig fortau. Del 3 er frå Moster sentrum og ned mot hamna og vil få einsidig løysing med fortau heile vegen.
 
Sjølve køyrevegen vert lagt om på ei 300-meters strekning for å fjerne problema som ein har i «Salemsvingen» som er det verste punktet på strekninga. Her vert fylkesvegen flytta til eit beiteområde på
baksida av bedehuset. Elles er det berre små endringar på vegen, med unntak av breiddeutviding og siktforbetring.
 

Følgjebrev (PDF, 743 kB)

Saksprotokoll (PDF, 2 MB)

Planomtale (PDF, 6 MB)

Planbestemmelser  (PDF, 227 kB)

Plankart 1 (PDF, 3 MB)

Plankart 2 (PDF, 2 MB)

 

Klage

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen i Vestland av dei som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse jfr. Plan‐ og bygningslova av 27.06.2008 §§12‐12 og §1‐9 og Forvaltningslova kap. VI. Eventuelle klager skal setjast fram skriftleg ovanfor Bømlo kommune innan 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 år frå denne kunngjeringa, jfr. Plan‐ og bygningslova §§ 15‐2 og 15‐3. Eventuelle klager og krav om erstatning vert å senda Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes.

 
Sist endra 10.01.2020 11:19
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 32
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering