Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Vedteken reguleringsplan Klubbo 66/20 m.fl. Goddo

Kommunestyret vedtek med heimel i Plan‐ og bygningslova § 12‐3 privat detalj-reguleringsplan for naust‐og fritidsbustadområde med tilhøyrande småbåtanlegg, kai, tilkomstveg, parkeringsareal og friområde på gnr. 66 , bnr. 20 m.fl. Klubbo på Goddo i Bømlo datert 02.10.2017 med tilhøyrande reguleringsføresegner revidert 29.01.2018. Reguleringsplan FV 18 Goddebrua – Austvik vedteken i kommunestyret 12.11.2012 vert oppheva for det området som vert omfatta av ny plan. 

Godkjend reguleringsplan Klubbo 66-20 m.fl. Goddo. Plankart (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete

Planområdet utgjer totalt ca. 45,6 daa. Reguleringsplanen legg til rette for etablering av 7 nye fritidsbustader og 19 nye naust med tilhøyrande småbåtanlegg, kai, tilkomstveg, parkeringsplassar og friområde. Dette er i tråd med overordna plan. Det er ein einebustad, 4 fritidsbustader og 5 naust i området i dag. Planområdet ligg nord på Goddo og omfattar heile eller delar av eigedomane gnr/bnr. 66/1, 66/2, 66/3, 66/4, 66/5, 66/6, 66/7, 66/20, 66/21, 66/22, 66/25, 66/27, 66/28 og 66/30.

 

Følgjebrev (PDF, 160 kB)

Vedtak (PDF, 453 kB)

Føresegner (PDF, 766 kB)

Planomtale (PDF, 6 MB)

Plankart (PDF, 2 MB)

Sist endra 12.04.2018 15:18
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering