Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Vedteken reguleringsplan Skogbu

Bømlo kommunestyre har i møte 10.02.2020 sak ps 11/20 i medhald av plan‐ og bygningslova §12‐3 vedteke privat detaljreguleringsplan for bustad, fritid‐ og naustføremål Skogbu 11/14 m.fl. Eikeland med planid 201802.

 

Vedteken detaljreguleringsplan for bustad, fritid- og naustføremål Skogbu 11/14 mfl. Eikeland planid 201802. Plankart.  (ABO arkitekter AS) - Klikk for stort bilete

Oppdragsgjevar og tiltakshavar er grunneigarane i planområdet, Skogbu Eiendom AS og Røyksundkanalen AS. Utførande konsulent er ABO Plan & Arkitektur Stord AS.
 
 

Planområdet

Planområdet er 71 daa, og ligg på Skogbu, Røyksundkanalen på Eikeland, om lag 2 km nord for Moster. Planen omfattar eigedomane gbnr. 11/4, 14, 65, 67, 92, 108, 129, 130, 135, 158, 161, 179.
 
Området har gode kvalitetar knytt til strandsona, men området og bygningsmassen, som tidlegare har vore nytta til m.a. asylmottak, motell og badeland, er forfallen. Planforslaget vidarefører riving av noko av bygningsmassen. Skogbu har eit flott småbåtanlegg og fleire attraktive badeplassar, som framleis er i bruk om sommaren. Kvalitetane knytt til desse føremåla er teke vare på i gjeldande plan, og dette vert vidareført i framlegg til reguleringsplan. 
 
Det er ikkje gjort endringar i areala nærast sjø eller i sjø, i frå gjeldande plan. Vidare er det i gjeldande plan lagt til rette for framtidig hotelldrift og forretning på areala nære fv. 542, men desse føremåla er tekne ut av planen då det ikkje er aktuelt å utvikle området i den retninga. Området er vurdert som meir skikka til utbygging av bustader og fritidsbustader, for å auke både helge- og kvardagsbruk av dette attraktive området.
 
Ubygd del av arealet er grunnlendte knausar med lyng- og myrmark. Planområdet grensar til sjø mot aust og fv. 542 mot vest. Areala sør og nord for planområdet er ubygd utmark, også beståande av knausar med lyng- og myrmark.     
               
I reguleringsplanen er arealet avsett til naust, fritid- konsentrert og frittliggjande, bustad, naturområde og kombinert føremål næring/forretning, hotell/bevertning og bustad/næring. Planen vil erstatte gjeldande reguleringsplan for Skogbu (planid 201103), delar av reguleringsplan for rv. 542 Røyksund-Eikeland (Planid R-133), samt ein liten rest av den gamle resten av den gamle reguleringsplanen Skogbu kurs og feriesenter (Planid R-47).
 

Klageadgang

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen i Vestland av dei som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse jfr. Plan‐ og bygningslova av 27.06.2008 §§12‐12 og §1‐9 og Forvaltningslova kap. VI.
 
Eventuelle klager skal setjast fram skriftleg ovanfor Bømlo kommune innan 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 år frå denne kunngjeringa, jfr. Plan‐ og bygningslova §§ 15‐2 og 15‐3.
 
Eventuelle klager og krav om erstatning vert å senda Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes.
Sist endra 21.02.2020 09:22
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering