Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Vedteken reguleringsplan Spissøy øvre 25_14,15 fritidsbustader og naust

Kommunestyret vedtek med heimel i Plan- og bygningslova §12-3 privat detaljreguleringsplan for fritidsbustad‐ og naustområde gnr. 25, bnr. 14 og 15 m.fl. Spissøy øvre datert 05.04.2018 med tilhøyrande regulerings-føresegner. Reguleringsplan R‐40 Spissøy Øvre vedteken i kommunestyret 05.12.1983 vert oppheva ogerstatta av ny plan privat detaljreguleringsplan Spissøy Øvre gnr. 25, bnr 14 og 15 m.fl. planid 201409. 

Reguleringsplan fritidsbustader og naust Spissøy øvre 24/14,15 m.fl. erstattar R-40. Plankart. (ABO plan og arkitektur) - Klikk for stort bilete

Planområdet er totalt ca. 107 daa. Det er avsett 1,3 daa til fritidsbusetnad i strandsona. Areala omfattar 9 bygde tomter og 1 ubygd tomt. Totalt opnar planen for 3 nye fritidsbustader i strandsona i N3 – innanfor areal som i gjeldande plan er avsett til utbyggings-føremål. Det er sett av 40 daa til frittliggande fritidsbustadar i planen, fordelt på 45 tomter. 22 av desse tomtene er per i dag bygde. Arealet avsett til fritidsbustad er noko større, om lag 15 daa, enn i gjeldande reguleringsplan, som omfattar 23 tomter. Dette vil seie at det er 22 nye tomter i planen.

 

Vedtak (PDF, 2 MB)

Følgjebrev (PDF, 160 kB)

Føresegner (PDF, 146 kB)

Planomtale (PDF, 4 MB)

Plankart (PDF, 930 kB)

Kunngjering (PDF, 70 kB)

 

Sist endra 12.06.2018 10:20
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering