Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Vedteken reguleringsplan Verkstaden Kvernenes

Kommunestyret vedtok samrøystes med heimel i Plan‐ og bygningslova § 12‐3 privat detaljreguleringsplan for bustad, naust‐, næring og småbåtanlegg med tilhøyrande tilkomstveg, parkeringsplassar, kai og flytebrygger på gnr. 151, bnr. 8 mfl. Kvernenes i Bømlo datert 24.09.2019 med tilhøyrande reguleringsføresegner.

Plankart for Verkstaden gnr. 151, bnr. 8 mfl. Kvernenes. Vedteken. (Byggprosjekt AS) - Klikk for stort bilete

Reguleringsplan R‐87 veg til Kvernenes og Vikane vert oppheva for det området som vert omfatta av ny reguleringsplan når ny reguleringsplan vert vedteken. Reguleringsplanen er rettsleg bindande utan stadfesting frå statleg styresmakt. Forslagsstiller er John Gustav Lothe. Planområdet er totalt ca. 11 daa. Hensikta med planen er å legge til rette for utvida bruk av området for bustadbygging og naustbygg. Det skal vektleggast å legge til rette for ei attraktiv og tilgjengeleg strandsone der bebuarar og allmenta i fellesskap kan gjere nytte av området.

 

Følgjebrev (PDF, 165 kB)

Føresegner (PDF, 948 kB)

Planomtale (PDF, 2 MB)

Plankart (PDF, 404 kB)

Skredfarevurdering (PDF, 5 MB)

VA-plan (PDF, 661 kB)

Vedtak (PDF, 492 kB)

Kunngjering (PDF, 59 kB)

Sist endra 12.12.2019 09:53
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering