Om kommuneadministrasjonen

Inngang til Rådhuset og Kundetorg med Turistinformasjon. - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune er organisert i ein to-nivås modell med ein rådmann, assisterande rådmann/organisasjonssjef og to kommunalsjefar, samt verksemdsleiarar med resultat-, budsjett- og personalansvar.

Dei fleste resultatområda er eigne verksemder. Rådmannen med assisterande rådmann/organisasjonssjef og kommunalsjefane utgjer toppleiinga og har det overordna ansvaret for utvikling, planlegging og drift av kommunen si verksemd. I rådmannsteamet sit også organisasjonssjef/assisterande rådmann som har ansvaret for personal, forvaltning, ikt-avdeling, fellessekretariat og Kundetorg. Under rådmannen ligg også økonomiavdelinga med rekneskap og skatteoppkrevjaren, næringsavdeling og fag og støtte.   

Sist endra 24.11.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering