Strategisk leiargruppe

Strategisk leiargruppe omfattar kommunedirektøren, assisterande kommunedirektør, to kommunalsjefar, økonomisjef og personalsjef. Dei har overordna ansvar for heile den kommunale verksemda, alle tenester som kommunen gir, planlegging, økonomi og personalforvaltning.

Kommunedirektør i Bømlo kommune er Kjetil Aga Gjøsæter. 

Gruppa er ansvarleg overfor politisk nivå og for saker som skal til politisk behandling. Rådmannen, assisterande rådmann og kommunalsjefane har ansvarsområde på tvers av fagleg og organisatorisk inndeling med fokus på strategi og utvikling. Dei har ansvar for å følgja opp leiarane, og for samspelet mellom politisk og administrativt nivå. Kommunalsjefane opptrer med rådmannens mynde både i dei politiske utval dei vert tildelt ansvaret for og i den del av organisasjonen som dei vert tildelt leiaransvar for.  


Sentrale oppgåver er:

  • Ansvar for saker som skal leggjast fram for folkevalde organ
  • Oppfølging og igangsetjing av vedtak gjort i folkevalde organ, og bestilla desse tenestene hos rette vedkomande i organisasjonen
  • Skapa ein god serviceorganisasjon tilpassa innbyggjarane sine behov
  • Informera om kommunal verksemd og tenester
  • Leia og koordinera den administrative verksemda i kommunen samt å utvikla tenesteproduksjonen i kommunen
  • Ansvar for tilrettelegging av utvikling/opplæring av medarbeidarar
  • Strategi og planlegging
  • Økonomistyring
  • Internkontroll
  • Beredskapsarbeid
  • Valarbeid

Stilling - namn

Dir.tlf. Mobilnr.


Strategisk leiargruppe

  Kommunedirektør -

  Kjetil Aga Gjøsæter

53 42 30 52 408 63 501

  Kommunalsjef helse og omsorg -

  Kjell Magnar Mellesdal

53 42 30 53 480 29 947

  Kommunalsjef oppvekst, kultur og idrett -

  Bjørn Håvard Bjørklund

53 42 30 54 975 00 432

  Kommunalsjef samfunnsutvikling -

  Tone Stavland (byrjar 2021)

   

  Økonomisjef

  Jarle Nakken

 53 42 30 82 468 01 504

  Personalsjef

  Vanja Espeland

  53 42 31 11   480 17 825
 
 
Sist endra 21.10.2020
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering