Personal, forvaltning, IKT, fag og støtte

 

Forvaltning og IKT
Ansvarsområdet omfattar organisasjonssjef, IKT-avdelinga og drift av kantina. IKT-avdelinga er ein intern støttefunksjon med driftsansvar for alt kommunalt IKT-utstyr. Avdelinga driftar og sak- og arkivsystem for kommunane Fitjar, Haugesund, Stord og Tysvær.

Forvaltning har tre hovudansvarsområde og er leia av organisasjonssjefen:

  • Kommunale forvaltningsoppgåver 
  • Kommunen sine informasjons- og kommunikasjonsløysingar (IKT)
  • Fellessekretariatet
     

Forvaltningsoppgåver:
Kvalitetssikring av og tilsyn med kommunen sine forvaltningsoppgåver (oppgåver der kommunen opptrer som offentleg styresmakt). Dette er i all hovudsak ein rådgjevarfunksjon, med særleg vekt på innbyggjarane sine rettar overfor forvaltninga, saksbehandlingsrutinar, lovtolking og kvalitetskontroll, men går også på utforming av vedtak og saksutgreiingar, språkdrakt og skriftbunad.
  
Organisasjonssjefen har i tillegg ansvaret for ein del saksområde, m.a.;

  • skjenkeløyve, salsløyve og andre saker etter alkohollova
  • serveringsløyve og andre saker etter serveringslova
  • tilskot til trudoms- og livssynssamfunn
  • tilskot til politiske parti

På desse områda har organisasjonssjefen dei fullmakter som administrasjonssjefen har etter kommunen sitt delegeringsreglement.  

Organisasjonssjef i Bømlo kommune er Aud Gunn Løklingholm - 
dir. tlf. 53 42 30 63 - mob. 915 56 750.

IKT  
IKT-avdelinga skal drifta og utvikla kommunen sine data- og telefonisystem i tillegg til å utarbeida og samordna planar og strategiar innan fagområdet.   Hovudoppgåvene til IKT-avdelinga er: 

  • Drift og utvikling av datasystem
  • Brukarstøtte
  • Datatryggleik
  • Telefoni 

Personalavdelinga

  • Forhandlingar
  • Rådgjevning og samordning innan
    - Personalutvikling
    - Rekruttering
    - Arbeidsmiljø, bedriftshelsetenesta
    - Personalforsikring og pensjonsordning
    - Lærlingeordninga

Fagteam

  • Idrett- og kultur
  • Helse-, sosial og omsorg
  • Oppvekst og barnevern
  • Skule og pedagogikk
  • Overordna plansaker
  • Beredskap
Fagteamet skal bidra til auka kvalitet og effektivitet i organisasjonen samla og bistå med å løysa problem og realisera muligheter. Dei skal vidare overføra kompetanse til andre, slik at dei sjølve kan handtera eigen situasjon meir kompetent. Fagteamet skal gi råd, rettleiing og støtte til rådmann og kommunalsjefane.
 
Dessutan skal verksemdsleiarane kunna bruka fagteamet på same måte til rådgjeving, rettleiing og støtte i sitt arbeid. Fagteamet skal ikkje ha avgjerdsmynde, men skal kunna påta seg t.d. utgreiingsoppgåver. Fagteamet kjem i tillegg til støtteeiningane og skal tilføra organisasjonen kompetanse på dei ulike fagfelta.  
Sist endra 26.05.2016
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 63
Mobil:
915 56 750
Tittel:
organisasjonssjef
Bunnhjørne
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering