Totalforbod mot tenning av bål og open eld innført frå 3. juli 2018 og inntil vidare - brannsjefen.

Strategisk leiargruppe

Strategisk leiargruppe omfattar rådmannen, assisterande rådmann, to kommunalsjefar, økonomisjef og personalsjef. Dei har overordna ansvar for heile den kommunale verksemda, alle tenester som kommunen gir, planlegging, økonomi og personalforvaltning.

Rådmann i Bømlo kommune er Geir E. Aga. 

Gruppa er ansvarleg overfor politisk nivå og for saker som skal til politisk behandling. Rådmannen, assisterande rådmann og kommunalsjefane har ansvarsområde på tvers av fagleg og organisatorisk inndeling med fokus på strategi og utvikling. Dei har ansvar for å følgja opp leiarane, og for samspelet mellom politisk og administrativt nivå. Kommunalsjefane opptrer med rådmannens mynde både i dei politiske utval dei vert tildelt ansvaret for og i den del av organisasjonen som dei vert tildelt leiaransvar for.  


Sentrale oppgåver er:

  • Ansvar for saker som skal leggjast fram for folkevalde organ
  • Oppfølging og igangsetjing av vedtak gjort i folkevalde organ, og bestilla desse tenestene hos rette vedkomande i organisasjonen
  • Skapa ein god serviceorganisasjon tilpassa innbyggjarane sine behov
  • Informera om kommunal verksemd og tenester
  • Leia og koordinera den administrative verksemda i kommunen samt å utvikla tenesteproduksjonen i kommunen
  • Ansvar for tilrettelegging av utvikling/opplæring av medarbeidarar
  • Strategi og planlegging
  • Økonomistyring
  • Internkontroll
  • Beredskapsarbeid
  • Valarbeid

Stilling - namn

Dir.tlf. Mobilnr.


Strategisk leiargruppe

  Rådmann

  Geir E. Aga

53 42 30 52 941 71 093

  Assisterande rådmann -

  Aud Gunn Løklingholm

53 42 30 63 915 56 750

  Kommunalsjef helse og omsorg -

  Kjell Magnar Mellesdal

53 42 30 53 480 29 947

  Kommunalsjef oppvekst, kultur og idrett -

  Bjørn Håvard Bjørklund

53 42 30 54 975 00 432

  Økonomisjef

  Jarle Nakken

53 42 30 82 468 01 504

  Personalsjef

  Vanja Espeland

 53 42 31 11  480 17 825
 
 
Sist endra 30.04.2018
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (2)
 
Login for redigering