Byggjeavstand

Det er krav i Plan- og bygningslova til minsteavstander frå tiltak til nabogrense og også mellom bygningar. I tillegg set Veglova krav til minsteavstand frå bygning til offentleg veg

Bygning skal liggja min. 4,0 m frå nabogrense. Mindre avstand kan godkjennast dersom nabo gir samtykke. Sjå meir om dette i Plan- og bygningslova §29-4 her.  Her finn du avtale om særskilt byggjeavstand. (PDF, 121 kB)

 

Langs riksveg og fylkesveg er det krav om ein avstand på 50 m frå bygning til midtlinje av vegen, for kommunal veg er kravet 15 m. I reguleringsplanar kan anna avstand vera fastsett. Meir informasjon finn du hjå statens vegvesen her.

 

Publisert av Elisabeth Gjerde. Sist endra 08.01.2020
Fant du det du leitte etter?
Eining (1)
 
Login for redigering