Godt HMS-arbeid skapar me saman

Bømlo kommune lanserer 1. desember sin HMS-kampanje. Målet er å gjere oss alle meir bevisste på ulike situasjonar i jobbkvardagen vår som går på helse, miljø og tryggleik. Kvar månad vil me ha ulike tema der me presenterer filmar og anna informasjonsmateriell me vonar vert ein snakkis, og vert nytta ute på arbeidsplassane våre.

dame med voleyball under armen på plakat - Klikk for stort biletePlakat for HMS kampanjen til Bømlo kommune. Byrået Sydvest

Oda er ein lagspelar. Ein morgondagens olympiar, og eit av dei største talenta me har i volleyball i Noreg. Oda veit at utan ein makker på banen så har du ikkje ein sjanse. Difor er det viktig å løfte kvarandre, og bli betre saman.

I Bømlo kommune er det også slik. Spesielt i arbeid med HMS må me støtta kvarandre, bygge kvarandre opp, og engasjera oss i kvarandre. Slik får me alle ein betre dag på jobben. Difor har me vald finnåsjenta Oda Løvø Steinsvåg som vår HMS-abassadør.

Ros og rettleiing

Når nokon gjer noko bra er me flinke å rosa, og når nokon treng å rettleiast så er me klar til å støtte og gi av oss sjølve. Slik blir me og dei rundt oss betre. Og sjølv om alle ikkje kan alt så vil me bli betre. Det er jobben vår, kvar dag, i saman.

HMS-kampanjen vil ta for seg ulike tema for kvar månad. I desember er branntryggleik tema. Me har som ein del av kampanjelanseringa lyst ut ein fotokonkurrranse der me ber publikum om å ta bilete frå ei brannøving i heimen. Me presenterer bidraga, og vinnaren får flotte premiar frå Bømlo brann og redning.

Kom med innspel

Til no er to filmar ferdigstilt der tema er trafikktryggleik og leiar før lege. Vald og truslar er neste film som per lanseringsdato er under redigering. Målet er å ha eit tema per månad. Førebels har me valt ut 12 tema. 

- Det er viktig med engasjement og innspel frå alle tilsette, slik at me alle får eit eigarskap til hms-arbeid og slik kan halda kampanjane gåande årvisst. Har de innspel til andre tema enn ei som til no er valde ut, korleis skapa meir engasjement eller kommentarar, ros og ris vil me setje pris på det, seier personalsjef Vanja Espeland.

Godt HMS-arbeid skapar me saman! 

Innspel til HMS-kampanje kan du sende til Vanja Espeland

Kampanjen månad for månad:

Januar: Trafikktryggleik

Februar og mars: Forbetringsforslag (PDF, 37 kB)

April: Vald og truslar

Mai: Verneombod

plakat med tekst - Klikk for stort bileteHMS kampanje for verneombod

Artikkelliste

Til toppen