Kommunale verksemder i Bømlo

Vaktskifte Bømlo heimetenester - Klikk for stort bilete

Dei fleste resultatområda er eigne verksemder. Rådmannen, assisterande rådmann/organisasjonssjef og kommunalsjefane utgjer toppleiinga og har det overordna ansvaret for utvikling, planlegging og drift av kommunen si verksemd. Verksemdsleiarane har resultat-, budsjett- og personalansvar.

 

Kommunale AS
 

Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS - Bømlo kommune har eige aksjeselskap som tek seg av drift og vedlikehald av vatn og avløpsanlegg i kommunen - BVA AS. 

 
Bømlo Kommunale Eigedomsselskap AS (BKE AS) - Sidan juni 2008 har kommunen hatt eige aksjeselskap som tek seg av drift og vedlikehald av kommunen sine utleigebustader.

 

Kommunalt føretak
 

Bømlo Kulturhus IKS - er eit kommunalt føretak oppretta i 2005. Med kultursal, kinosal, kulturskule og kafé vil kulturhuset vera ein inspirerande møtestad for alle bømlingar.
 
 
Bømlo kommune deltek i fleire interkommunale samarbeid.
Sist endra 12.11.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering