Bømlo kommune i interkommunale samarbeid

Samarbeidsrådet for Sunnhordland markerte nedbetalt Trekantsamband i 2013. - Klikk for stort bileteSamarbeidsrådet for Sunnhordland markerte nedbetalt Trekantsamband i 2013. Simon Knutsson Sortland    

Bømlo kommune deltek i følgjande interkommunale samarbeid:


Samarbeidsrådet for Sunnhordland

- Samarbeidsrådet er regionrådet for dei 8 kommunane i Sunnhordland, Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes. I tillegg er kommunane Fusa, Haugesund og Vindafjord observatørar. Ordførarar og rådmenn i kommunane utgjer Samarbeidsrådet for Sunnhordland.   


Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS

- Sunnhordland interkommunale legevakt skal sikra at befolkninga får fagleg forsvarleg akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus ved behov for snøgghjelp. Legar som arbeider ved legevakta er tilsette i Stord, Bømlo og Fitjar kommunar. Sjukepleiarane er frå Stord og Bømlo, og mange har lang erfaring frå arbeid ved legevakt. Legevakta held til i Stord sjukehus, inngang hovudinngang.  


Sunnhordland interkommunale barnevern - SIB

Bømlo kommune deltek i eit interkommunalt samarbeid med Stord og Fitjar kommunar om oppgåver knytta til barnevern der Stord kommune er vertskommune - Sunnhordland interkommunale barnevern. 

 

Krisesenter Vest IKS:

Bømlo er ein av 17 kommunar som eig Krisesenter Vest IKS. Krisesenteret er eit døgnbemanna tilbod. Det er eit gratis lågterskeltilbod, ein treng inga tilvisning frå hjelpeapparatet og det er inga ventetid. Her er midlertidig botilbod i trygge omgjevnadar og dagtilbod. Her vil du få støtte og praktisk hjelp, råd og veiledning og oppfølging etter opphaldet. Senteret har tilsette med fagleg kompetanse innan mishandlingsproblematikk, psykiatri, barn og unge og flerkulturell forståelse. Målgruppa er kvinner, menn og barn som er utsatt for vald eller truslar om vald i nære relasjoner.

Sjå også dinutvei.no - nasjonal nettportal om vald i nære relasjonar

 

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

- SIM er eigd av sju kommunar i Sunnhordland, Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. SIM har ansvar for hushaldningsavfallet til 59 900 innbyggjarar i dei sju kommunane. SIM har omlag 24 400 hushaldsabonnentar og 7 400 hytteabonnentar.
 

Sunnhordland Interkommunale Innkjøpsforum

- er eit samarbeidsprosjekt på innkjøp mellom kommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes. Stord kommune er vertskommune for ordninga og har tilsett innkjøpssjef i heil stilling. Den enkelte kommune i samarbeidet har i tillegg oppnemnt ein særskilt innkjøpsansvarleg, som er medlem av det felles innkjøpsforumet.
 

Karmsund Havnevesen IKS

- Karmsund havnevesen er en felles organisasjon for hamnedrift i kommunane Bokn, Bømlo, Haugesund, Karmøy, Sveio og Tysvær.  

 

Friluftsrådet Vest

Friluftsrådet Vest er eit interkommunalt samarbeidsorgan innan friluftsliv for 12 kommunar i Nord-Rogaland og Sunnhordland, med forvaltningsansvar for 108 friluftsområder i regionen. Våre medlemskommuner er Bokn, Bømlo, Etne, Fitjar, Haugesund, Karmøy, Kvinnherad, Sauda, Stord, Sveio, Tysvær og Vindafjord. Regionen har ein befolkning på omlag 163 000 innbyggjarar.

Interkommunalt samarbeid
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering