eDialog - sikker innsending av dokument til kommunen

Mange sender dokument til kommunen via e-post. E-post kan vera ein usikker kanal fordi den kan hackast, e-postar kan stoppast i spamfilter eller ikkje koma fram av andre årsaker. Ved å nytte tenesta eDialog, kan du senda oss dokument via ein sikker kanal. 

Me oppmodar både privatpersonar og verksemder til å nytta eDialog til å senda dokument trygt inn til oss!

Her finn du eDialog for Bømlo kommune

For å bruka tenesta, må du logga på med ID-porten (MinID, BankID mm)

Slik fyller du ut skjemaet:

• Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)
• Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)
• Tittel: kva dokument du sender og gjerne saksnummer
• Kommentar: Gje eventuelt greie for sendinga di
• Hugs å lasta opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må vera i PDF-format
• Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og vert sendt direkte til  sak/arkivsystemet vårt.

Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).

Slik kan du gjera om eit dokument til PDF-format:

• For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF
• LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylina som heiter "Eksporter til PDF".

Du skal ikkje bruka eDialog dersom:

• Kommunen har elektroniske skjemaer til føremålet, t.d søknad om barnehageplass, søknad om stilling mm.
• Førespurnaden gjeld enkle spørsmål som ikkje skal journalførast hos oss - då kan du senda e-post til postmottak@bomlo.kommune.no

Til toppen