Attraksjonane våre
Kabelferja på Espevær
(14.07.2014)

 

Museum Wichmann-smia, Kåre Haldorsen
(08.05.2015)

Museum Fridtun
(15.07.2014)

 

 

Museum Hiskens Røgeri
(15.07.2014)

 

Museum Moster bygdemuseum
(15.07.2014)

 

Museum Baadehuset
(15.07.2014)

Museum Katla skulemuseum
(15.07.2014)

Verna område, Hespriholmen
(15.07.2014)

I den bratte fjellveggen på vestsida av holmen, er det to store djupe holer, og fleire mindre. Her er det brote ut tonnvis med stein, frå den eldre steinalder, om lag 6000 år sidan. Steinbrotet rekk frå toppen av berget ned til ein tretti meter langt, flatt golv, 5,8 m.o.h. Grønnsteinen er hard og tung, han let seg spalta og hogga til. Langs strendene inne på Bømlo og Espevær er det funne ei mengd buplassar frå steinalderen, der steinsmedane har arbeidd med grønnstein frå Hespriholmen.

Museum Hummerparken
(15.07.2014)

Hummarparken på Espevær har stor historisk og arkitektonisk verdi. Det er eit flott og særmerkt byggverk, som riksantikvaren har rangert blant dei 20 mest verneverdige kulturminna i landet. Hummerparken er eit monument over ei viktig næring på kysten som på mange måtar har levd i skuggen av td. sildefisket.

UFO-ringen Espevær
(15.07.2014)

UFO-ringen blei oppdaga i påskehelga 1976 på Akerkve på Espevær. Denne ringen står framleis like tydelig i bakken som den gongen, og det er store dimensjonar over dette avtrykket. Det er ein egge forma ring med ein omkrins på 63 m.

Baadehuset
(15.07.2014)

I 1848 var vårsildefisket på topp. Same år kjøpte Hans Jacob Baade Kjeholmene, og fylte ut mellom desse slik at det blei ein tørr holme. Her var 3 hus, eit mura eldhus, eit bakarhus og eit stort sjøhus med stover og saltbinge, og i andre høgda øverst oppe var det ganeloft med vindskur. Baade bygde snart eit fint og staseleg våningshus, vegg i vegg med bakarhuset på 17 ganger 15 alen. Kjellarmuren som er frå 1690, er 4 alen høg og 1,75 alen tjukk. I kjellaren finn ein avdelt spisskammers og kjøkken med gruve.

Motiv frå Espevær
(14.07.2014)

Espevær er eit av norskekysten sine små paradis, eit særprega fiskevær, rikt på kulturminner. For 100 år sidan var det knapt ein fiskar med respekt for seg sjølv som ikkje hadde tilbrakt ei natt på det lokale vertshuset Baadehuset. På midten av 1800-talet kunne det vere 20 000 - 30 000 menneske på øya når silda kom!

Trekantsambandet, kart
(14.07.2014)

Måndag 30. april 2001 var det stor fest i Sunnhordland. Hans Majestet Kong Harald opna Trekantsambandet som er det største vegprosjektet Statens vegvesen Hordaland har gjennomført nokon gong. 

Trekantsambandet, Stordbura
(14.07.2014)

I Trekantsambandet er det i alt tre bruer: Bømlabrua, Stordabrua og Spissøybrua. Stordabrua og Bømlabrua er begge av dei største hengebruene i Noreg. Triangle Contractors, eit arbeidsfellesskap mellom NCC og HBG i Holland, vart tildelt oppdraget med å byggja dei to hengebruene.

Trekantsambandet, skisse Bømlafjordtunnelen
(14.07.2014)

Europas lengste og nest djupaste undersjøiske tunnel.
Røyksundkanalen
(14.07.2014)

Saman med Røyksundkanalen utgjer Kulleseidkanalen snarvegen mellom aust- og vestsida av Bømlo. Begge er populære og praktiske ferdselsvegar for fritidsbåtar og mindre nyttefartøy.

Kulleseidkanalen
(14.07.2014)

Historia
For 150 år sidan starta arbeidet med gravinga av det som skulle bli Kulleseidkanalen. Naturen hadde alt sytt for eit naturleg eid her, slik namnet Kulleseid tilseier, men her var knappast vatn nok på flo sjø til å dra ein færing over dei grunnaste partia. Difor måtte noko gjerast slik at kunne bli lettare å få båtane over dette eidet.

Røyksundkanalen
(14.07.2014)

Røyksundkanalen var ein snarveg, slik at ein slapp fara rundt Moster, men det var berre ferdsle for dei mindre fartya, og på dei grunnaste plassane måtte båtane dragast gjennom sundet på fjøre sjø.

Moster gml kyrkje, minnesmerke
(14.07.2014)

Miss Saigon sluttscene
(14.07.2014)

 

Moster gml kyrkje, gamalt bilete
(14.07.2014)

Snorre Sturlason fortel i Kongesogene at Olav Trygvason let byggja ei kyrkje på Moster då han kom til Noreg i år 995. På denne staden ligg Moster Gamle Kyrkje, og denne steinkyrkja har rundt 100 sitteplassar.

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering