Attraksjonar

Kabelferja på Espevær - Klikk for stort bileteKabelferja på Espevær  

På Bømlo ligg attraksjonane på rekkje og rad. Kven kjenner ikkje til Moster gamle kyrkje? Bømlo si historie går langt attende i tid, og mykje spanande har skjedd - og skjer på Bømlo.

 

For å finne oppdatert informasjon om opningstider med meire - sjå Turistinformasjonen.


På Lykling kan ein vandra rundt på gullgruveområdet og sjå føre seg gullgravarane som på slutten av 1800-talet freista lukka her.


Espevær ligg som ei stille og fredeleg perle no, men det travle sildefisket på 1800-talet sette tydelege spor som bygdefolket har teke vare på. Administrasjonssenteret Baadehuset er restaurert, og er i dag museum. Det er også Hummarparken der levande hummar kraup rundt i tusental og venta på å verta frakta vidare til mondene bord nede i Europa. Ein nyare attraksjon på Espevær er den svært omtala og myteomspunne UFO-ringen, som vart oppdaga på midten av 1970-talet.


Restaurerte bygningar
Mange gamle bygningar på Bømlo er restaurerte, og tekne vare på. I sør har me mellom anna Fridtun og Bergeshuset. I nord ligg Katla skulemuseum, og den gamle landhandelen der "Nillo på skjeret" stod bak kassen heilt til det siste. Heilt i vest finn du den gamle gjestgjevarstaden og silderøykeriet på Hiskholmen som er vel verdt eit besøk. Ved Kulleseidkanalen, som er ein attraksjon i seg sjølv, ligg den første eksterne telegrafstasjonen i Noreg.


Eit museum som viser litt av den nyare næringshistoria vår, er den gamle smia i Rubbestadneset, der den kjende Rubbmotoren vart til. På Moster finn du det kyrkjehistoriske senteret. Senteret har tilhald i dei nye bygningane som vart bygd rundt Moster Amfi i samband med tusenårsjubileumet for kristninga av Noreg i 1995. Steinriket Bømlo lokalisert til Moster Amfi er siste attraksjon som opna i 2011 - Utvinning av sju bergarter og metall gjennom 10-12.000 år gjer Bømlo til Noregs største leverandør av ulike steinmaterialer gjennom tidene!


Vidare under Attraksjonar finn du informasjon om dei ulike stadene og husa me gjerne viser fram!
   

Sist endra 21.08.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering