Baadehuset

Baade-huset, Espevær - Klikk for stort bileteBaade-huset, Espevær Øyvind Steinsbø

I 1848 var vårsildefisket på topp. Same år kjøpte Hans Jacob Baade Kjeholmene, og fylte ut mellom desse slik at det blei ein tørr holme. Her var 3 hus, eit mura eldhus, eit bakarhus og eit stort sjøhus med stover og saltbinge, og i andre høgda øverst oppe var det ganeloft med vindskur. Baade bygde snart eit fint og staseleg våningshus, vegg i vegg med bakarhuset på 17 ganger 15 alen. Kjellarmuren som er frå 1690, er 4 alen høg og 1,75 alen tjukk. I kjellaren finn ein avdelt spisskammers og kjøkken med gruve.

Sist endra 15.07.2014
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering