Bruene

I Trekantsambandet er det i alt tre bruer: Bømlabrua, Stordabrua og Spissøybrua. Stordabrua og Bømlabrua er begge av dei største hengebruene i Noreg. Triangle Contractors, eit arbeidsfellesskap mellom NCC og HBG i Holland, vart tildelt oppdraget med å byggja dei to hengebruene.

Stordbrua - Klikk for stort bilete Bømlabrua - Klikk for stort bilete

 

Stordabrua
Hengebru mellom Digernesklubben på Stord og øya Føyno.
Lengd: 1077 m. Hovudspenn: 677 m
Brutårn: 97 meter over vassflata.
Seglingshøgd: 18 m
Opna: 27. desember 2000
 

Bømlabrua
Hengebru mellom Nautøy og Spissøy.  
Lengd: 998 m. Hovudspenn: 577m
Brutårn: 105 meter over vassflata
Seglingshøgd: 36 m
Opna : 30. april 2001
 

Spissøybrua
Bru mellom Spissøy og Bømlo.
Lengd: 283 m
Seglingshøgd: 7 m
Opna: 30. april 2001
 

Statens vegvesen Hordaland har stått for utbygginga av Trekantsambandet. Sunnhordland bru- og tunnelselskap står for finansiering og bompengeinnkrevjing.
 

Lenker:
http://www.vegvesen.no

Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering