Dei mindre kanalane på Bømlo

Sjøkart som viser dei minste kanalane - Klikk for stort bilete

Gjennom det arbeidet som vart gjort med oppreinsking gjennom Dørstokken, Drageidet og Bremsund var det ei innaskjerslei fra Brandasund i nord til Hiskjo i sør. Ved å ta Kulleseidkanalen austover, og vidare gjennom Røyksundkanalen, kunne ein no ferdast i båt i skjerma farvatn.

 

Dørstokken
Vårsildfisket var også bakgrunnen for oppreinskinga og sprengningsarbeidet gjennom Dørstokken. Ordførar Gaaseland sende i 1863 eit skriv til amtformannskapet i Søndre Bergenhus der han argumenterte for at det var naudsynleg med ei utbetring av innseglinga til Håpollen, på vestsida av Goddo. Ordføraren bad om pengar til "bortminering" av den såkalla Dørstokken i sundet mellom Goddo og Utslåttøyno. I 1877 stod kanalen ferdig som ei 19 meter lang renne, 1,5 meter djup, og ei breidde i botn på 1,5 meter.

 

Drageidet
I same brevet som ordførar Gaaseland bad om utbeting av Dørstokken, bad han også om at det måtte utarbeidast ein plan for kanal gjennom Drageide, sundet mellom Goddo og Goddehesten. Grunngjervinga var det såkalla "Håpollfisket"; eit ikkje ubetydeleg sildefiske i Håpollen. Han peika på at vegen til og frå Håpollen som oftast er farleg og uframkommeleg i storm og opprørt hav, då ein må utanskjers for å komme til og frå Håpollen. Kanalen gjennom Drageidet stod ferdig i 1877, i 215 meters lengd, 1,2 meter djup og med ei breidde i botnen på 1,9 meter.

 

Brømsund
I 1882 blei det sprengd ut og reinska opp ei renne gjennom Brømsund, som ligg noko lenger sør - vest av Meling.

 

Gilje
I åra 1893-95 vart det laga ei kanal som gjekk mellom Giljepollen og Giljevågen.

 

Kjelde: Bømlo Bygdebok, band IV og IV
 

Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering