Fridtun

Fridtun, Langevåg - Klikk for stort bilete Caroline Havn Fridtun, Langevåg - Klikk for stort bilete Øystein Nøstbakken

 

 

Det eldste bevarte samlingshuset i Norge
Knut Pedersen Hillestveit gjekk i brodden for å byggje eit samlingshus på Bømlo. Han ga fri grunn, og tilreisande snikrar bygde huset. Dei fekk fritt hus og mat hos Knut. Bygdefolket var og med å arbeidde på dugnad.

 

Huset stod ferdig i 1845 og har stor stove, kammers og gang. Huset vart nytta til skulestove og møtestad for bygdefolket. Bygdefolket hadde mat med, og fekk koka store kjelar med kaffi på grua. Til Helgemess 2. november var det skikk å ta seg fri heile dagen og då var det både middag og kvelds på Fridtun. Indremisjonsforeninga vart stifta i 1882, og fekk då ansvaret for huset. Indremisjonen bygde eit nytt bedehus, og selde Fridtun til Bømlo Privatbank.

 

I 1923 blei huset tatt i bruk som telefonstasjon. Banken selde huset til kommunen i 1937. I 1954 vart det gamle huset brukt som post, liknings- og trygdekontor.

 

Bømlo tur- og sogelag overtek huset
Etter kommunesamanslåinga vart huset ståande tomt, og var i dårlig stand. Kommunen ville rive det, men det ville ikkje bygdefolket. Bømlo tur- og sogelag fekk tilbod om å overta huset. Etter to års restaureringsarbeid, og mange dugnader, stod huset fint restaurert. Huset vert no brukt som eit lite bygdemuseum. Huset er det eldste samlingshuset som er teke vare på i Noreg.

 

Besøksadresse:
Fridtun ligg like før Kåso på Langevåg, på høgre sida av hovudvegen.
 

Kontakt:
Bømlo tur- og sogelag
 

Kjelde:
Bømlo tur- og sogelag

Sist endra 15.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering