Gullgruvene på Lykling

Gullgruvene - Klikk for stort bilete

Gullgruvene - Klikk for stort bilete Gullklump - Klikk for stort bilete

På heiane nord for Lyklingsjøen fann det for over hundre år sidan stad eit kapittel i vår historie som inntil 1990-åra var relativt ukjent for folk flest. Alle hadde nok høyrt om gruvene, men det var aldri ein del av vår stolte historie.


Det var helst utanbygds folk som kom hit for å snusa i gruveområdet, og historia var i ferd med å gå i gløymeboka. Historia har lukkelegvis no fått sin renessanse, og mykje materiale er samla av lokale naboar og historikarar. Området er kartlagt og skilta, stiar er merka, og gullgruvene er blitt ein populær utfartsstad for både lokale og tilreisande.


Og enno er det kanskje gull å finna i kvartsårane og gruvehola i gråberget ut mot storhavet...


Dette biletet er tatt i 1916, rett etter auksjonen.
Direktørbustaden i forgrunnen.
Foto: NGO, Norges Geologiske Oppmålinger

 

Lenker:                             
Gullaldaren på Lykling
Gyldne minne frå Bømlo

Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 14.07.2014 10:21
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering