Hespriholmen

Hespriholmen - Klikk for stort bilete

I den bratte fjellveggen på vestsida av holmen, er det to store djupe holer, og fleire mindre. Her er det brote ut tonnvis med stein, frå den eldre steinalder, om lag 6000 år sidan. Steinbrotet rekk frå toppen av berget ned til ein tretti meter langt, flatt golv, 5,8 m.o.h. Grønnsteinen er hard og tung, han let seg spalta og hogga til. Langs strendene inne på Bømlo og Espevær er det funne ei mengd buplassar frå steinalderen, der steinsmedane har arbeidd med grønnstein frå Hespriholmen.

Sist endra 15.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering