Hiskens Røgeri

Hiskens Røgeri, Hiskjo - Klikk for stort bilete Anne Låte  

Hiskens Røgeri, Hiskjo - Klikk for stort bilete Anne Låte Hiskens Røgeri, Hiskjo - Klikk for stort bilete Anne Låte Hiskens Røgeri, Hiskjo - Klikk for stort bilete Anne Låte Hiskens Røgeri, Hiskjo - Klikk for stort bilete Anne Låte Husa på Hiskholmen
På slutten av 1600-talet overtok Mikael Olrich gjestgjevarstaden på Hiskholmen. Den tysk fødde bergensborgaren bygde opp det vakre hovudhuset, som i dag står der og vitnar om tidlegare tider då Hiskholmen var ein av dei travlaste stadene i dette distriktet.

 

Olrichfamilien var svært velståande. Dei fekk hand om fleire gardar på Bremnes, gardar dei hadde kjøpt billig hos fattige bønder som ikkje klarte å betale gjelda si til Olrichane. Preikestolen som no står i Laurhammer bedehus, samt den eine klokka i tårnet på Bremnes kyrkja vart i si tid gjeven i gåve til Gåsland kyrkje frå Olrichfamilien.    

 

På slutten av1600-talet gav fiskeriet på Hiskholmen arbeide til nær 100 personar. Rundt 1900-1910, då Søren Sørensen arbeidde der, hadde dei omlag 130 personer i arbeid i kvar sesong. Gutane og jentene tente omtrent like mykje, medan eldre menn hadde omlag 10 øre meir i timen enn dei yngre. På denne tida var det ein som heite Abel som var røykemester. Han røykte sild i det lange røykeriet både natt og dag, og dei kunne røyke omlag 126 tønnerom gongen. Dei produserte også kippers på Hiskens Røgeri, og denne bergtørka seien eller torsken fekk dei tilsette kjøpe for 5 øre stk.    

 

Dans og damer
Det tidligare bakeriet vart gjort om til tre rom som folka sov i. Dei vart kalla Arken, Parken og Tyskasio. Arken var for gamle, Parken for jenter, der dei var 12 stk og Tyskasio hyste 8 eldre jenter/ kvinner. Det var rutebåten D/S Karmsund som henta all fisken på Hiskjo. Søren Sørensen minnast at sommarstid var det ofte dans i helgane på Hiskholmen. Det var mange jenter som arbeide der, og det var sjølvsagt ein populær stad for gutane å reise på dans. Det vart spela trekkspel gjennom lyse sommarnetter.    

 

Hålandsdøtrene styrte moten
Disponent på Hiskens Røgeri i denne tida var Carl Håland, som styrte drifta for eigaren, Falck i Stavanger. Døtrene til Håland var dei som styrte moten på Bømlo i denne tida. Når dei kom i kyrkja om sundagane følgde dei andre unge jentene godt med på kva klær Hålandsdøtrene hadde på seg, og prøvde og få tak i slike klær. Barna til Håland fekk ikkje lov til å leike med dei andre barna, og hadde eiga guvernante. Eldstedottera til Hålandgifta seg med ein Stavlandsgut.    

 

Drifta ved Hiskens Røgeri tok slutt under 2. verdskrig då eigedomen vart seld til Martens i Bergen. Martens var ein av rikfolka, og var den største grossisten i landet. Han eigde også mange eigedomar i Haugesund.  

 

Besøksadresse:
5430 Bremnes  

Hiskholmen ligg på Hiskjo, sørvest for Meling. Frå kaien på Hiskjo går vegen opp til høgre, før du tar første veg til venstre. Følg denne over moloen og om lag 600 meter fram til tunet på den gamle gjestgjevarstaden.
 

Kontakt:
Kjell Steinsvåg (bilete, tlf: 53 42 52 37    

 

Kjelder:
Kjell Steinsvåg og intervju med Søren Sørensen i eit videointervju: "Kom i langen", Bømlo Folkebibliotek.
Artikkel fra Namdals Avisen sommar 2002.

Sist endra 15.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering