Kalk- og marmorbrot på Moster

Monopol og tollfridom
Omlag i 1702 byrja Peder Montage de Lilliensciold å ta ut kalkstein på Moster. Han var også drivkrafta bak mange andre kalksteinuttak i Sunnhordland. Kalksteinen på Moster var finkorna marmor. Den 28. august 1704 fekk han kongeleg resolusjon,- og den 13. april 1706 monopol på all marmordrift på vestlandet. I tillegg slapp Lilliensciold å betale toll på marmor som vart eksportert, og arbeidarane hans slapp krigsteneste. Marmoren på denne tida vart mest nytta som materiale i store byggverk.

 

Noko av marmoren frå Moster og andre stader i Sunnhordland vart seld i Norge, men mestparten vart seld til Danmark. Litt vart også eksportert til land som England, Tyskland og Holland, og det skal og ha blitt eksportert marmor herifrå til det fjerne austen. Mykje av marmoren til Lillienschiold gjekk til byggjinga av Kristianborg slott i København, medan det som vart seld i Norge vart mest brukt til produksjon av trapper, golv og benker i staselege hus.

 

Konkurs og nye freistingar
For at Lillienschiold skulle få konsesjon og monopol på marmordrifta på Vestlandet, måtte han lova Fredrik 4. (1671-1730) at han skulle levera 10 000 kubikkfot (1 kubikkmeter er 32,38 kubikkfot) marmor av ulike sortar og fargar. Dette fekk Lillienschiold store problemar med å levera. Då han døyde i 1725 var han konkurs.Etter Lillienschiold døydde tok det 19 år før nokon prøvde på det samme. I 1773 starta Werner Hosenwinkel Christie og Peder Harboe Hertzberg opp att kalksteinuttaket. Peder Harboe var på den tida sokneprost på Finnås og prest i Sunnhordland. Dei fekk fornya avtalen til Lilliensciold med Kristian 7. i København.

 

Marmorkyrkja og Fredensborg slott
Det vart gjort store leveransar til Danmark og København, spesielt i byrjinga. I 1749 vart grunnsteinen til Marmorkyrkja i København lagd av kong Fredrik 5. (1746-1766). Planen var at kyrkja kun skulle byggjast av marmor frå Norge og Sunnhordland. Det meste av marmoren kom frå Moster. I 1770 då dei hadde bygd i 21 år, vart arbeidet stoppa på grunn av for store kostnadar. Seinare blei arbeidet tatt opp att, men den siste delen marmor var Dansk.

 

Fredensborg slott i København, der mesteparten av marmoren kjem frå Moster, er no er ein sommerbustad for den Danske Kongefamilien. Rundt Fredensborg slott ligg Danmarks største hage med alt frå urter til tropiske planter.

 

Marmorsaga i Åreiddalen
I byrjinga av marmordrifta på Moster høyrde ein lite om at marmoren kunne verta brukt til anna enn byggematriale. Men ettersom tida gjekk blei det meir populært å foredle produkt på staden. Derfor vart marmorsaga i Åreiddalen starta av Werner Hosenwinkel Christie og Peder Harboe Hertzberg. Saga låg på prestegardseigendommen og vart driven av vasskraft frå Åreiddalselva.

 

Det vert sagt at saga var konstruert av Christie og var "ein særdeles sindrig mekanisme". Denne saga kunne visstnok sage fire marmorplater om gongen, men berre ein tomme per dag. Om dette virkar noko tregt idag, var dette sjølvsagt revolusjonerande den gongen. Etter at platene var skorne opp, vart dei slipte. Platene blei brukt mest til bordplater. Produksjonen varte i 10-12 år, og drifta vart lagd ned rundt 1820-30. Verdt å merkje seg er namnet John Simonsen Sakseide, klokkaren som arbeidde på marmorsaga og som utvikla teknikkar og tamer på skulpturering av marmor. Han laga mellom anna sarkofagane til baronen og baronessa i Rosendal, og bysten av rektor Boalt ved Katedralskulen i Bergen.Truleg er det og Sakseide som har laga inskripsjonane i Peder H. Herzbergs og kona hans sine gravminne i marmor på kyrkjegarden ved Moster gamle kyrkje.

 

Brua i Åreiddalen
Då dei bygde brua over Åreiddalselva, fann dei restar av ei marmorplate frå den gamle saga. Denne vart murt inn i rekkverket og det vart hogd inn årstall og namn. Plata står i det nordre rekkverket.

 

Kjelde: Tor J. Birkeland: "Marmorbrotet på Moster"

Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
Nyttige lenker (1)
 
Login for redigering