Kanalane på Bømlo

Røyksundkanalen - Klikk for stort bilete

Saman med Røyksundkanalen utgjer Kulleseidkanalen snarvegen mellom aust- og vestsida av Bømlo. Begge er populære og praktiske ferdselsvegar for fritidsbåtar og mindre nyttefartøy.

Kulleseidkanalen - Klikk for stort bilete Røyksundkanalen - Klikk for stort bilete

Både Kulleseidkanalen og Røyksundkanalen vart laga på midten av 1800-talet for å gjera arbeidet lettare for dei som dreiv med vårsildfisket. Dette fisket var det største, også økonomisk, fiskeriet på Vestlandet på denne tida.Det vart eit ønskje om å kunna ferdast innaskjers på vestsida av Bømlo, og dette var også grunnen til at Dørstokken, Drageidet og Bremsund vart utbetra. Mindre kanalar, som Giljepollen - Giljevågen og Barastraumen gjorde at det kunne takast i bruk hamner som var godt skjerma.

 

Om sommaren er det ofte tett mellom båtane gjennom Kulleseidkanalen. (Foto: Jan Helge Halleraker)

 

Kulleseidkanalen gjorde raskt området rundt kanalen til eit sentrum i prestegjeldet. I 1857 kom telegrafen, og det første postopneriet i Bremnes sokn kom i 1863. Seinare kom det både handel og dampskipsstopp, og heradsstyret bygde eige kommunehus ved kanalen. Både lensmann og distriktslege slo seg ned her, og prestegarden låg heller ikkje langt vekke.

 

Kjelde: Bømlo Bygdebok band IV og VI

Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering