Katla skulemuseum på Skinnhueneset

Katla skulemuseum - Klikk for stort bilete Bjarne Haldorsen

 

Interiør, Katla skulemuseum - Klikk for stort bilete Sjølve skulehuset vart bygd i 1900. Ei tid hadde Katla vinterskule fire veker på grunn av den dårlige vegen. Første gongen folk byrja å tenke på skulen som eit museum var i midten av 1970-åra. Katla skulemuseum er den einaste skulen på Bømlo som ikkje er endra. Einast taket er skifta, men vart lagd med nesten heilt like heller som dei originale. Alle andre gamle skular er anten nedrivne eller bygd opp på nytt.  


Inventar
Kateter og skåp framme i rommet, skåpet på materialrommet og eit lite skåp på loftet står att frå gamle Katla skule. Her er også restar av kaffisett tilhøyrande Katla skulekrets. Fysikkutstyret her høyrde til på skulen, sameleis røyrborda og stolane er att frå den tida skulen vart lagd ned. Orgelet er flytta frå Steinsbø skule. Lærebøker og boksamlinga er henta frå fleire skular, og det står i bøkene kva for skular dei kjem frå, m.a. Straumøy er ein av dei. Hjelpebøker for læraren er komne frå Geir Tveit ved Sakseid skule og Dortea Steinsvåg ved Vornes skule. På gangen kan ein finna gamle plansjar, pluss enkelte duplikat frå Sakseid skule.  

 

Skuleoppgåver
På Katla skulemuseum er det samla eksamensoppgåver (rekning) frå Bremnes og Bømlo, fellesoppgåver i rekning for Hordaland, Rogaland og Agderfylka og ein del oppgåver i norsk (stiloppgåver). Det skal også vera norske stilar med karakterar. Dersom du har lyst å studere dette nærmare, er det nokre eldre rekneoppgåver frå 1877 på kommunehuset. Dei er utgitt i samband med innføring av metersystemet og krone/øre. Der er det også døme på skriveopplæringshefte, skrivebøker med hjelpelinjer, pennar og pennehaldarar.  

 

Besøksadresse:
Skinnhueneset 

 

Kjelde:
Bernhard Selle og Astrid Erevik

Sist endra 15.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering