Kulleseidkanalen

Kulleseidkanalen - Klikk for stort bilete

Historia
For 150 år sidan starta arbeidet med gravinga av det som skulle bli Kulleseidkanalen. Naturen hadde alt sytt for eit naturleg eid her, slik namnet Kulleseid tilseier, men her var knappast vatn nok på flo sjø til å dra ein færing over dei grunnaste partia. Difor måtte noko gjerast slik at kunne bli lettare å få båtane over dette eidet.

Kulleseidkanalen - Klikk for stort bilete

I amtformannskapet (fylkestinget) i 1852 tok dåverande ordførar i Finnås herad, Erik Jakobsen Øklandsnes, til orde for ein kanal gjennom Kuleseidet i Finnås. Dette grunngav han med at ein slik kanal ville gjere ferdsla for dei som dreiv med vårsildfisket mykje enklare.

 

Planane gjekk ut på at båtar opp til 15 fots breidde og 7 fots djupne måtte kunne komme gjennom. Heile Kulleseidkanalen ville vere samansett av totalt tre kanaler; ein gjennom Sakseidstraumen - lengst aust, ein gjennom sjølve Kulleseid og ein kanale gjennom Steinsvågstraumen - lengst vest. Dessutan måtte det byggjast trekkveg på den eine sida av kanalen, og ei hestebru over kanalen ved Kulleseid. Årsskiftet 1855/56 var kanalen såpass ferdig at fiskebåtar kunne passera.

 

Utvidinga i 1927. Å utvida ein kanal er undervassarbeide. I dag arbeider ein frå boreriggar, og tek opp massane med mudderapparat, men slikt utstyr hadde ein ikkje i 1927. Då laga dei fangdammar og pumpa ut vatnet mellom fangedammane. Bilete er frå 1930. (Foto: Kystverket)

 

Vårsildfisket
Det var hovudsakleg den sentrale rolla Bømlo spela under vårsildfisket i denne tida som fekk politikarane til å tenkje på å lage kanalen som ein snarveg mellom aust og vest. Den første utbyggjinga tok til i 1853, og varte til 1856. Planen var at  kanalen skulle ha ein breidde på 5,3 meter og ei djupne på 2,6 meter, men den vart trass dette berre 3,8 meter brei og 2,2 meter djup.

 

Kostnadane av arbeidet var 16.300 spesiedaler (ca. 3,5 mill. kroner). I byrjinga vart det krevd avgift for å passere. For ein færing kosta det 3 skilling i fiskesesongen og 2 skilling resten av året, medan dei største båtane måtte ut med heile 180 skilling for å få passera.

 

Oppsynsmannen som vart utnemnd for kanalen var Jacob Wrede Zahl. Ti år etter at kanalen stod ferdig, i 1866, vart innkrevinga av avgift avvikla.

 

Arbeidet med å utvida kanalen ytterlegare starta i 1927, eit arbeid som skulle ta heile åtte år, og koste nær 22 mill. kroner i dagens kroneverdi.

 

Utanom eit leidverk som er fjerna, er kanalen slik i dag som den var i 1935. Den totale lengda er 1700 meter, medan djupna er 4 meter og breidda frå 10 til 14 meter.

 

Bruene
Brua frå 1856 var ei vippebru i tre som oppsynsmannen sveiva opp med manuell vinsj, men etter utvidinga på 1900-talet fekk kanalen ei ny vippebru av betong med løftekraft frå ein bensindreven motor. Etter 1950 gjekk denne motoren på straum. I 1972 fekk kanalen den brua den har i dag.

 

Kanalen gjorde raskt området rundt til eit sentrum i prestegjeldet. I 1857 kom telegrafen, og det første postopneriet i Bremnes sokn kom i 1863. Seinare kom det både handel og dampskipsstopp, og heradsstyret bygde eige kommunehus ved kanalen. Både lensmann og distriktslege slo seg ned her, og prestegarden låg heller ikkje langt vekke.

 

Kjelder:
Føredrag av Arnold Jacobsen, Kystverket, Haugesund
Hefte: "Såg du ei øy", utgjeven av Bømlo Reiselivslag og Bømlo Kommune i Januar 2001
Bømlo Bygdebok band IV og VI

Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering