Kvernhuset på Vorland

Kvernhuset, Vorland - Klikk for stort bilete Bømlo Tur- og Sogelag Stien tek av frå Andalsvegen, omlag 50-60 meter nord for Kvernabekken. Turen går til det restaurerte kvernhuset i Vorlandsskogen. Turen er om lag 0,4 km lang, og tek ca 5-7 minutt å gå.  

 

Frå gamal tid var det fire kvernhus langs Kvernabekken, det eldste vart sett opp så langt tilbake som på 1600-talet.  

 

Etter krigen svarte det seg ikkje lenger for bøndene å mala kornet på eigne møller, og difor forfall kvernhusa litt etter litt. I 1972 kom nokre innbyggjarar saman på Hillestveit skule og planla restaureringsarbeid på dugnad.

 

Slik vart dette kvernhuset berga. Det står fint og lunt i skogen og fortel om "forgangne" tider. Om ein vil ha meir mosjon, kan ein følgja traktorvegen opp til demninga ved Kvernavatnet, og vidare opp til eit fint utsynspunkt på nordsida av vatnet (høgste punktet).  

 

Startkoordinat: 59° 36,97' N - 05° 13,31' Ø.  

 

Kjelde: Bømlo Tur- og Sogelag

Sist endra 15.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering