Kyrkjegarden

Moster gamle kyrkje - Klikk for stort bilete

Moster gamle kyrkje - Klikk for stort bilete

Minnestøttene over Olav Trygvason, Bisp Grimkjell og Olav den heilage, som vart avduka av Kong Olav 5. i 1979. (Foto: Torbjørn Aga)


 
Det er mogleg at kyrkjegarden ved Moster Gamle Kyrkje er frå Olav Trygvason si tid, men den har blitt utvida etter kvart. Gravplassen er framleis i bruk, og det er 3 portar som leier inn til den. På 17-1800-talet var det ikkje uvanleg å kjøpe seg gravplass under kyrkjegolvet, noko som og skjedde her. Truleg vart lika begravd utan kister, sidan det berre er funnen 4 kister, men omlag 120 hovudskallar og skjelett under golvet i kyrkja.

 

Steinen med holet i
Ute på kyrkjegarden står det ein merkeleg kalkstein, forma av naturen sjølv. Det blir sagt at steinen var ein gapestokk, noko som ikkje er så truleg då gapestokk var lite brukt før 1620-talet. Det er mange ulike teoriar om funksjonen til steinen, og nokon trur at dei festa tau i steinen då dei skulle reisa taket på kyrkja. Dersom det var ein gapestokk, blei den hyppig brukt i gamledagar som straff for mindre brotsverk. Det å stå i gapestokk var sjølvsagt vanærande. Personen som vart straffa måtte ha haka oppå steinen, og hendene var botne fast gjennom holet. Alle som ville kunne spytta på han eller ho og snakka stygt om gjerningsmannen.

 

Før vart det ofte sagt at Olav den Heilage hadde sparka foten sin gjennom steinen i sinne for at folk ikkje gjekk til messe. Så stakk han spydet sitt igjennom og batt hesten sin der. Ein godt truleg forklaring går tilbake til då Olav Trygvason kristna Orknøyane før han kom til Moster. Der sette dei opp steinar med hol i som liknar på denne. Det er og ein teori at ein pleidde gjere avtalar gjennom steinen. Når dei gjorde ein avtale, tok dei kvarandre i hendene igjennom holet, og då var det ein Odins eid. Det var og slik at visst ein hadde hovudverk, eller dårlege nervar, skulle det hjelpa å ha hovudet i nærleiken av holet. Dei trudde og at dersom dei klarte å få eit nyfødd barn gjennom holet, ville det ikkje få sjukdommen "svek". Nokon meiner at bokstavar, runer eller bumerke er rissa inn i steinen, men ingen veit kva dei betyr.

 

Kjelder:
Moster Kirke (foreningen til norske fortidsminnesmerkes bevaring)
http://www.fortidsminneforeningen.no/eiendom/moster.htm
Moster Gamle Kyrkje (særoppgave i samfunnsfag for Anne Karin Haldorsen)

 
 

Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering