Moster Museum

Moster bygdemuseum, Mosterhamn - Klikk for stort bilete Torbjørn Gjøen

 

Moster bygdemuseum, Mosterhamn - Klikk for stort bilete Torbjørn Gjøen Tor J. Birkeland og skulemuseet
I den tida Tor J. Birkeland var rektor ved Moster skule, vart det samla inn diverse ting til eit skulemuseum. Ein del av desse er no komen til museet. Birkeland var svært interessert i marmor/kalksteindrifta på Moster, og hausten 2002 vart det gjeve ut eit hefte om denne drifta med Birkeland som forfattar.


Museet har ei samling gjenstandar som viser ulike sider av dagleglivet i Mosterregionen gjennom dei siste 100 åra. Her kan du sjå korleis det såg ut i heimen, skulestova og i ein skomakarverkstad. Dei har og ei stor samling bilete og bøker, ulike arbeidsreidskap og utstyr frå sjøfart og fiske, krambu og ein del bilete og anna frå kongevitjingar på Moster i 1924, 1979 og 1995.


Huset museet ligg i vart bygd som butikk, og har seinare hyst både byggevarer, videoutleige og gatekjøkken. Firmaet som bygde huset - Chr. Størksen jr - starta opp siste halvdel av 1800-talet nede i Grindheimsvågen. Disk, skrivebord og kassaapparat er innbu frå denne første butikken.


Folket frå Moster har vore svært flinke å støtta opp om museet, og 99% av samlinga er komen fram frå loft, kjellarar og uthus på Moster.


Besøksadresse:
Landmarksvegen 1 - i svingen ved Sion forsamlingshus


Kontakttelefon: 994 34 632
Marit Ingvaldsen er leiar i styret for Moster sogelag/Moster museum. 


 

Opningstider sommarhalvåret (26.6-21.8.2016)

Klokka 15.00-18.00

Temautstilling i år: 2. verdskrig

 

Besøk Facebooksida vår

 

Kjelde:
Theodor Eikeland

Sist endra 06.10.2017
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering