Opninga

Måndag 30. april 2001 var det stor fest i Sunnhordland. Hans Majestet Kong Harald opna Trekantsambandet som er det største vegprosjektet Statens vegvesen Hordaland har gjennomført nokon gong. 

Vegsystemet - Klikk for stort bilete

Skisse over bomstasjonen på Føyno.
 

Bømlafjordtunnelen er 7860 meter lang. Det er Europas lengste og nest djupaste undersjøiske vegtunnel. Det er to hengebruer, Stordabrua som er 1077 meter og Bømlabrua som er 998 meter. Dei er synlige bevis på den nye vegen. Totalt er det bygd 12 kilometer ny veg. Dette er utanom vegen inne i Bømlafjordtunnelen.

 

Heile prosjektet hadde ein prislapp på 1,85 milliardar kroner. Anlegget er finansiert med bompengar og statlege løyvingar. I åra framover vil trafikantane måtte betale med abonnement eller manuelt i bompengebua på Føyno som  er "sentrum" i Trekant- sambandet. Med den høgtidelege opninga i Gassasundet vart heile prosjektet opna for trafikantane. No var Bømlo kommune endeleg landfast og samstundes knytt til Stord. Allereie ved nyttår 2001 tok ein i bruk stamvegdelen av vegsambandet, noko som gjorde at Stord vart knytt til fastlandet. Byggetida var litt over fire år.

 

Lenker:
http://www.vegvesen.no

Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering