Røyksundkanalen

Røyksundkanalen var ein snarveg, slik at ein slapp fara rundt Moster, men det var berre ferdsle for dei mindre fartya, og på dei grunnaste plassane måtte båtane dragast gjennom sundet på fjøre sjø.

Røyksundkanalen - Klikk for stort bilete Røyksundkanalen - Klikk for stort bilete

 

Ferdsle gjennom dette sundet har det vore i uminnelege tider. Også på tvers av sundet har ferdsla gått. Det var folk som kom nordanfrå og skulle til Moster; anten på blotfest i Torshovet eller til Mostratinget. Seinare skulle dei gjerne til kyrkje. Det kan også tenkjast at feet var drive eller jaga over sundet; frå Mostralandet til utmarka nordafor.

 

Røyksundkanalen var ein snarveg, slik at ein slapp fara rundt Moster, men det var berre ferdsle for dei mindre fartya, og på dei grunnaste plassane måtte båtane dragast gjennom sundet på fjøre sjø. Sundet var berre 4-5 meter på det smalast, og neppe over meteren djupt på flo sjø. Difor kom ikkje t.d. notbåtar seg gjennom.

 

Då Kulleseidkanalen stod ferdig, vart det enda meir merkbart at båtane som dreiv med vårsildfisket ikkje kunne komma seg gjennom Røyksundkanalen. Difor gjekk det ikkje mange år etter at Kulleseidkanalen var ferdig før det vart laga planer for å føreta ein oppreinsking av sundet, til ei djupn på om lag 1,5 meter ved flo sjø og ei breidde i botnen på 3,75 meter. Dessutan måtte det byggjast trekkveg, spesielt i vestre enden av sundet. Arbeidet vart gjort sommaren 1859.

 

Etter som åra har gått etter at kanalen vart utbetra, har lausmassar sige tilbake i kanalrenna, og det har difor vore naudsynt med ujamne mellomrom å mudra opp att i kanalen.

 

Røyksundkanalen på austsida av brua. (Foto: Mona Vespestad)

 

Kjelde: Bømlo Bygdebok band VI og IV
 

Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
Nyttige lenker (1)
 
Login for redigering