Skjeret Landhandel

Skjeret landhandel, Brandasund - Klikk for stort bilete

Skjeret Landhandel i Brandasund framstår framleis som ei gamaldags krambod der ein kunne få tak i kva det skulle vera. Slik var det så lenge Pernille Waage, kjent som Nillo på Skjeret, dreiv butikken. I dag har sonen, Bjarne Waage, butikklokale rett ved sida av gamlebutikken som no fungerer meir som eit museum. 

 

Pernille Waage (Nillo) og mannen Anton Waage kom til Skjeret i 1922. Dei kjøpte butikken i Brandasundet av Christian Dahl og Oluf Kalgraf, og det er denne som er kjent som Skjeret Landhandel i dag. Pernille hadde handelsbrev, og hadde arbeidd bak disken sidan ho var lita. Verksemda på Skjeret tok seg opp, og gamle fakturaer viser t.d. at i 1928 selde dei mellom fem og seks tonn sirup.

 

Mange fiskebåtar fekk provianten sin frå Skjeret, og slik handel har dei framleis, men i dei seinare år har det minka mykje på fiskebåtane. Rundt 1930 starta Anton å byggje kai. Den vart både større og dyrare enn fyrst tenkt. Dette kom samstundes som at det vart ei tung tid for folk flest, som hadde vanskar med å betale skulda si til handelsmannen, og Pernille og Anton møtte motgang. Dei var ikkje langt frå konkurs den gongen, og firmaet sleit med skuld i mange år. I 1969 døydde Anton, og Pernille dreiv vidare saman med sonen, Bjarne Waage.

 

Båtturistar
På 60-talet tok båtturistane til å oppdaga skjergardsperla i Fitjarøyene. Det utvikla seg sterkt utover i 70-åra når fritidsbåten vart meir vanleg. "Alle" måtte innom Nillo i løpet av sesongen. Ho var på plass seint og tidleg, og stod gjerne på kaien og tok imot kundane. "Det er ikkje ein ting du ikkje får på Skjeret", sa folk som hadde vore der ute.

 

Kongens fortenestemedalje
Nillo vart eit populært intervjuobjekt både for avis-, radio- og fjernsynsfolk. For sin livslange innsats for handelen og for å gjere Brandasund kjent, fekk ho Kongens fortenestemedalje i sølv den 21. november 1983. Den sette ho umåteleg stor pris på. I 1986 bygde Bjarne ny butikk på kaien, og ei stund etter flytta handelen over der. Den gamle krambua er likevel full av varer, og fungerer i dag som eit museum. Nillo var på plass så å seie dagleg, til like før ho døydde i 1992, 93 år gamal.

 

Kjelde: "Meir enn sirup" av Kristine Sele

Sist endra 15.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering