Soga om tunnelen under Bømlafjorden

Då Olav den heilage var på Moster og sette ting i 1024, hadde han ein hund med seg. Og hunden han for no og kikka alle stader, og vaste seg vekk. Då kongen så skulle heim, så fann han ikkje hunden att. No er det eit hol i Vetahaugen, og der hadde hunden rota seg inn. Det holet har ingen vore til endes på, for det er så trongt når du kjem ned gjennom. Eldste bror min snakka om det at det var liksom eit Trekantsamband, for hunden kom seg fram og kom opp på Valestrand, han. Då hadde han ikkje hår på kroppen, så det har vore trongt.

 

Då han kom ut, var kongen faren ut fjorden på skipet sitt, så det nytta ikkje å prøva å nå han igjen. Hunden vart difor verande der på Valestrand, men dei høyrde ylinga av han. Seinare har dei kalla han Ytarbrand, men det er no noko dei har lagt på han no i siste åra, trur eg.

 

Fortalt av Birger Røksund i 1997, og nedskrive av Nils Tore Økland

Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering