Steinkrossen på Vetahaugen

Vetahaugen - Klikk for stort bilete

1924: Kong Håkon 7. kjem til Moster. Steinkrossen på Vetahaugen vart reist i samband med 900 års jubileet for Kristenretten.

 

I gamle dagar tende dei bål på fjell og høge haugar for å varsla når det kom "ufredsmenn". På Moster var det truleg på Vetahaugen bygdefolket tende bål i slike tilfelle. Steinkrossen som står på Vetahaugen i dag vart reist i 1924 av Moster Mållag på 900-års jubileet for Kristenretten, og krossen vart avduka av HM Kong Haakon 7.

 

Den markante Vetahaugen er og kjend for ei anna historie, som kanskje er eit av dei orginale eventyra frå Bømlo, fortald av Birger Røksund;

 

Hunden til Olav den heilage
Då Olav den heilage var på Moster og sette ting i 1024, hadde han med seg hunden sin, Vige. Og hunden han for no og kikka alle stader, og vaste seg vekk. Då kongen så skulle heim, så fann han ikkje hunden att. No er det eit hol i Vetahaugen, og der hadde hunden rota seg inn. Det holet har ingen vore til endes på, for det er så trongt når du kjem ned gjennom.

 

Eldste bror min snakka om det at det var liksom eit Trekantsamband, for hunden kom seg fram og kom opp på Valestrand, han. Då hadde han ikkje hår på kroppen, så det har vore trongt. Då han kom ut, var kongen faren ut fjorden på skipet sitt, så det nytta ikkje å prøva å nå han igjen. Hunden vart difor verande der på Valestrand, men dei høyrde ylinga av han. Seinare har dei kalla han Ylarbrand. Men det er no noko dei har lagt på han no i siste åra, trur eg..

 

Kjelder:
http://stud.hsh.no

Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering