Sundtahuset - ei saltebu

Sundtahuset, Søre Bømlo - Klikk for stort bilete

Saltebu
På Søra-Bømlo stod saltebuene tett, det var tilsaman 30 saltebuer her. Dei fleste av dei er borte, men Sundtahuset står att og er restaurert. Golv og vegger er på det næraste impregnert av alt saltet frå gammal tid. Det var vanleg at saltebuene hadde tre høgder og med vindeskur ut mot sjøen der dei kunne hiva opp tønner og fisk. Attmed huset var tønnelageret. Bak bua var det ofte ei ganestove, der ganejentene, dvs. dei som sløydde silda, budde. Sundtahuset har dessutan små losjirom for arbeidsfolk og fiskarar.Midt på 1800-talet hadde Søra-Bømlo i lag med Espevær 60 saltebuer.


Besøksadresse:

5443 Bømlo
Vespestad
 
Ansvarleg:

Hans Vespestad

 

Kjelde: Natur- og kulturverdiar på Bømlo, av Anders Stavland

Sist endra 15.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering