Tora Mostrastong

Statue av Tora Mostrastong - Klikk for stort bilete

Tora Mostrastong var av Horda Kåre-ætta. Historia fortel at Tora fekk tilnamnet Mostrastong fordi ho var høg og slank av vekst. Då Harald Hårfagre kom til Moster 70 år gamal møtte han Tora, eit møte som seinare førte til at sonen Håkon kom til verda på kongsgarden Seim. Denne kongssonen fekk tilnamnet den Gode. Tora Mostrastong vart aldri dronning i Noreg, trass i at sonen hennar er ein del av noregshistoria.

 

Som ein hyllest til Tora Mostrastong er det reist ein statue av henne på vollen ovafor Moster gamle kyrkje. I 2002 fekk kunstnaren Arne Mæland frå Os oppdraget med utforminga av skulpturen, og i dag står Tora og ser ut over Moster.

 

Leiar i Norsk Skuespillerforbund, Agnete G. Haaland, hadde det ærefulle oppdraget å stå for avdukinga av statuen som Håkon Randal, Jørgin Gunnarsson, Ole Johan Vikse og Johannes Hjelland tok initiativet til i 2002. Under seremonien deltok messingblåsarar frå Stord og Bømlo med «Tora-tema» av komponist Per Indrehus og dansegruppa Vertú med koreografi av Hilde Hoff Andersen. Med til seremonien høyrde også to urframføringar, ei Tora Mostrastong-fanfare av komponist Kjell Habbestad, og «Tora Mostrastong - eit spel om Tora -, skrive av Johannes Heggland. Stykket var regissert av Ragnhild Randal og vart framført av Bømloteateret.

Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
Nyttige lenker (1)
 
Login for redigering