Trekantsambandet

Trekantsambandet - Klikk for stort bilete

Det var eit tvilande Storting som i 1996 sa ja til bygginga av Trekantsambandet. Prosjektet hadde eit beskjedent trafikkgrunnlag, og den samfunnsøkonomiske nytteverdien var ikkje tilstades (negativ nytte/kost). Prosjektet ville medføra store inngrep i naturen og eit oppgradert ferjetilbod framstod for mange som meir interessant. Det var relativt stor motstand mot bygginga av prosjektet, både i regionen og på nasjonalt plan.

 

Fleire opinionsundersøkingar på 90-talet viser at nær 50 % av dei spurde i Sunnhordland var imot prosjektet. Så seint som i 1998, sjølv etter Stortinget sitt tvilande ja til prosjektet, svarte 37 % av dei spurde i ei større undersøking utført av A/S Opinion, at dei var imot prosjektet. Hovedargumenta var at prosjektet ville øydelegge fine naturområde, at det var eit «sløseprosjekt», og at ferja er ein trivelig møteplass som me treng.

 

Folkeaksjonen «Et fergerikt fellesskap» vart danna mot Trekantsambandet, mellom anna gjekk Noregs Lastebileigerforbund imot bygginga av Trekantsambandet (1993). Forbundet ynskte heller å bruke dei statlege midlane til oppgradering av eksisterande vegnett. Finansministeren gjekk i internt regjeringsnotat (1995) imot prosjektet, då han meinte det var samfunnsøkonomisk uforsvarleg.

 

Etter at naturvernorganisasjonane sine krav vart forsøkt etterkomne, m.a. med "miljøtunnelen" på Digernes, vart vedtak om bygging gjort i Stortinget den 10.juni 1996.

 

Arbeidet vart gjort av Statens Vegvesen i samarbeid med  underleverandørar i perioden 1996 til 2001, og Trekantsambandet vart opna av Hans Majestet Kong Harald 30. april 2001.

 

Den endelege prisen vart på om lag 1,9 milliarder kroner, og så langt er trafikken gjennom bomstasjonen på Føyno større enn rekna med. I dag må ein leita lenge etter nokon som er imot Trekantsambandet. Anlegget framstår som eit stykke ingeniørkunst, der det er lagt stor vekt på tilpassing til naturen, og Trekantsambandet er ein skikkeleg "stasport" inn til øyriket vårt.

 

Lenker:
Heimeside Trekantsambandet

Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering