Wichmann-smia

Kåre Haldorsen, son til Haldor Haldorsen. Her med den første motoren som vart laga i Wichmann-smia. - Klikk for stort bilete Kåre Haldorsen, son til Haldor Haldorsen. Her med den første motoren som vart laga i Wichmann-smia.
 

Smia
Museet er todelt. Der eine delen er ei samling av Rubb- og Wichmannmotorane frå 1903 til om lag 1956, og den andre delen er ein nøyaktig rekonstruksjon av smia der motorar og delar til desse vart produsert. Smia kan og nyttast til kurs og opplæring for å kunna vidareføra og halda levande det gamle smedfaget.
 

 

Den første motoren
Det var Haldor, son til Martinus Haldorsen som byrja det som i dei siste 70-80 åra har vore den største industriarbeidsplassen på Bømlo. Martinus Haldorsen bygde i 1878 ei smie i Rubbestadneset etter smedlæretida si på Fitjar. Der dreiv han ein liten vognhjulsfabrikk i tillegg til smia si.
  All transport av folk, post og varer til og frå vognhjulfabrikken gjekk føre seg med segl- eller robåt, og Haldor, son til Martinus, var skysskar. Det var på desse lange roturane i regn og motvind at han på ungdoms vis tok til å drøyma om anna drivkraft enn berre segl og årar.  

 

Rubbmotoren
I 1903 hadde han som 17-18 åring konstruert ein 1-sylindra 2-takts glødemotor med ei yting på 2 HK, og det gjekk etter kvart rykter om at ein laga motorar i smia til Martinus Haldorsen. Ut frå denne smia vaks det etter kvart ei verksemd som i dag er den største industriarbeidsplassen på Bømlo, og Rubb-motoren med sin spesielle lyd vart eit omgrep langs heile norskekysten. Smia vart reist nede ved sjøen i 1912-13 og var i bruk like fram til 1988. Då vart ho nedriven, flytta og bygd opp att der ho no står som eit levande museum både om motorane og personlegdomane som endra livsrørsla til det betre for heile distriktet vårt.
 

 

Besøksadresse:
5420 Rubbestadneset
Du finn smia i sentrum på Rubbestadneset, rett ved administrasjonsbygget til Wärtsilä.
 

Kontakt:
Wärtsilä tlf. 53 42 25 00

 

Kjelder: Wichmann-smia brosjyre.  Boka “...rygg mot rand, to i spann...“. Utgjeve i 1997 av Høgskulen Stord/Haugesund.  

Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering