Folkemøte om asylsøkjarar

Komunalsjef Kjell Magnar Mellesdal snakkar til publikum. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Ei monaleg auke av asylsøkjarar til Bømlo mottak den siste tida og desentralisert busetjing av 16 unge vaksne menn på Langevåg var bakgrunnen for folkemøtet i Bygdatunet tysdag.

 

Faksimilie oppslag i Bømlo-nytt om folkemøte i Langevåg. Foto. - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune stilte med ordførar, rådmann, kommunalsjefane, kommune-overlegen og verksemdsleiarane for Bømlo vaksenopplæring og Barne- og familitenesta samt SLT-koordinatoren. Leiar Håkon Tolås ved Bømlo mottak deltok også. Det var stort oppmøte og engasjement frå lokalbefolkninga.

 

I ein slik pressa situasjon som den me no opplever får mottaka kort tid til å organisere sine tilbod. Kommunen har ingen formell påverknad på verken kor asylsøkjarar vert busett eller kven som kjem. Derimot har kommunen lovpålagde tenester for denne gruppa knytt til helseundersøking og helsehjelp, norskopplæring, barnehagetilbod for 4- og 5-åringar, samt grunnkuletilbod for elevar i alderen 6 til 16 år.

 

- Fleire lag og organisasjonar var positive til å gå i lag med kommunen og Bømlo mottak for å legge til rette for aktivitetstilbod for asylsøkjarane som no er plassert i bygda, seier kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund. Me er avhengig av god informasjon frå Bømlo mottak, noko det no er etablert rutinar for, legg han til.

 

Kommunen planlegg folkemøter også på Svortland og Moster i næraste framtid.

Her finn du oppdatert informasjon og ansvarstilhøve mellom stat og kommune vedrørande flyktninge- og asylsituasjonen i landet.
Informasjon om asyl- og flyktningesituasjonen
Regjeringa
KS
DSB
Kriseinfo
Sist endra 21.01.2016
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering