Gullalderen på Løkling

Gullklump - Klikk for stort bileteGullklump Brynjar Stautland  

 

Gullgruvene - Klikk for stort bilete Kvartsgang, gullgruvene - Klikk for stort bilete Gullklump - Klikk for stort bilete

På Løkling på Bømlo snirklar ein smal bygdeveg seg nordover mot Tverborgvik. Mellom knausane og småvatna langs vegen står grå murar som restar av setningar i eit gammalt brev. Eit kvitt lite hus dukkar opp på venstre sida, før ein liten bakke kjem til syne der ein rar, halvhøg busk står i vegkanten. Smakar du på dei gyldne ertebelgane på busken vil turen hit bli eit minne du helst vil gløyme. Og gullgruvehistoria på Løkling vart på mange måtar fortrengt. Gullregnen var ein av prydplantene som direktøren John Daw jr. og kona Fanny planta i den vakre hagen utanfor direktørhuset til The Oscar Gold Mining Company Lmt.

Bilvegen går idag over vinkjellaren, og der springvatnet funkla og hjelpte mot Fannys heimlengt finnest berre grastorv. Glasverandaen med dei vakre landskapsmaleria er berre eit rykte, men stikk du fingen i jorda ved bekken på andre sida av vegen, vil kvikksølvperlene vitna om at her ein gong var høg temperatur. Langs denne bekken lyste lamper opp vegen ned til kaien i Djupevika alt i 1885, og var truleg første staden i Norge det fanst noko som kunne kallast gatelys.

John Daw Senior 60 år.
I perioden frå 1884 til 1910 vart det teke ut minst 200 kilo gull til ein verdi av ein halv million kroner. Optimismen var enorm i 1883-84, og skapte sensasjonelle oppslag i The Times som i norske aviser. Dei kvite kvartsgongane som sprenger seg opp i det gråe berget ned mot havstranda inneheldt større klumpar og årer av gull enn det dei engelske ingeniørane hadde sett i kvartsårene på gullfelta i Kalifornia og i Australia.

Gullet vart påvist først i 1862, då bergmeister Tollef Dahll fekk hand om ein gullstuff som ein unggut hadde funne ved eit kisskjerp på Løklingeheia.

Dahll var på rundreise på sørvestlandet for å inspisere kisskjerpinga som føregjekk i relativt stor skala her på denne tida. Gullfunnet vart notert men ikkje gjort noko nummer av, kanskje for å unngå oppstandelse på sviktande grunnlag? Ti år seinare stadfester den kjende geologen Amund Helland gullførekomstar i Bukkeskinnskloven på Løkling, noko han offentleggjer i det relativt smale tidsskriftet «Nyt Tidsskrift for Naturvidenskaberne», framleis utan at det skaper åtgaum av noko slag.


Gullstuff.
Vendepunktet kjem då den nyutdanna læraren Rasmus Bødal i 1882 kjem som lærar til Løkling. Han losjerer i same huset som skulestova er i, og som truleg både bergmeister Dahll og Amund Helland har budd i, nemleg hos Halvar Olsen Nøkling. Bødals nyfikne blir vekt då ein av elevane hans viser han ein tung og gulraud stein han har funne på skulevegen frå Risvik til Løkling. Bødal tek ut skjerp der guten fann steinen og to kvartsgongar kryssar einannan, samtidig som husbonden til den kjende madam Maren Jonassen frå Haugesund tek ut skjerp i Bukkeskinnskloven.

Madam Jonassen dreiv hotell i Haugesund, og var ein av byens leading ladies. Her losjerte geologane når dei reiste til og frå Visnesgruvene påKarmøy, og dei same geologane budde hos Halvar Nøkling når dei var på Bømlo. Ein kan mistenke at både Madam Jonassen og Halvar Nøkling hadde høyrt kvalifiserte nyss omgullet på Løklingeheiane, for det verkar som om det er eit diskret kappløp mellom Bødal og Jonassen for å få flest mulig skjerp etter metall på Løkling i 1882-83.

Bødal allierer seg med husverten sin og to telegrafistar han stundom arbeidde ilag med på telegrafen på Røvær, haugesundarane Andreas Hansen og Johannes Reitan. Med bor og feisel, trebukk og dynamitt bora dei seg nedover i skjerpet sitt på Storhaugen, og treff på gull på sju meters jupne. Det vil seie, på denne tida er det offisielt kis dei skjerpar etter, sjølv om alle andre på denne tida har gjeve opp kisleiting på Bømlo. Dei trykktestar «kisen» sin med slegge på ambolten, men steinen knusest ikkje slik kis eller kråkesølv vil gjera. Den blir deformert, slik gull vil bli.

Då reiser Bødal på bytur for å skaffe kapital til vidare drift, og får etter mange mistruiske avslag kontakt med Marius Smith, den eksentriske kompanjongen i rederiet Smith og Thommesen i Arendal. Smith tek kontakt med sin kjenning John Daw senior ved Bratsberg koppargruver i Dalen i Telemark, og saman med firkløveret frå Bømlo dannar desse «Storhougen Interesseselskap» som finansierer firkløverets vidare slit nedover i synken på Storhaugen. På 20 meters djup kjem dei så på ei tommetjukk og lang gullåre, og dette utløyser den største gullfeberen i Norge nokonsinne.

Herifrå deler historia seg i tre greiner eller hovudselskap. Storhougen Interesseselskap sel rettane sine til engelske bergverksinvestorar for den astronomiske summen 35.000 pund eller 860.000,- kroner, og «The Oscar Gold Mining Company Lmt» blir etablert. Dette blir sensasjonsoppslag i avisene. Firkløveret får mellom kr. 10.000,- og 30.000,- for sine deler, og like mykje i aksjar som rett nok aldri kastar særleg av seg. Ingen av dei held fram med gruvedrift i noko omfang, og Rasmus Bødal reiser frå Løkling i 1884 tilbake til heimbygda Stryn der han kjøper den store Mindresunde kapteinsgard for kr. 32.000,- Idag er er oldebarnet til Rasmus Bødal gift med Ole Bergesen på Fitjar.

Den vesle Løklingebygda vaknar opp til ei ny verd. Gulltørste folk strøymer til frå fjern og nær, dampskip frå England ankrar opp, framande språk og dialektar høyrest, lutfattige menn og familiar slår seg til i ledige rom og provisoriske skur, bakeriet på Stangenes blir hotell, eit losjiskip (med «franske» damer seiest det) ankrar opp på hamna, hudnaskur med ein planke på tvers blir skjenkestover, og sluskane slost over brennevinsankera som kjem med rutebåten. Bygda har smakt på gullregnbusken.

Oscarsverkjet. (Foto: fra Boka "Gullgravarane på Løkling"). Oscarsverkjet' som det engelske selskapet vart heitande på folkemunne, vart det største selskapet på Løkling med rundt 147 mann tilsett på det meste. Store bygningar vart reiste, med kolfyrte stamper som knuste steinen, vaskeri som trekte gullet ut frå steinstøvet på klede dynka med kvikksølvamalgam, og eit laboratorium der dei destillerte kvikksølvet frå gullet i diglar av ulik storleik. Gullet vart så smelta til sigarforma barrar.

Høge gjerdervart sett opp rundt selskapet, og store omland vart demma opp for å skaffe vatn til vaskeriet.

Ein kolfyrt maskin drog jernbanevogner på høge tømmerstellingar frå Risvik til knuseriet, og stein vart drege opp frå djupet med dampdrivne vinsjar, men og med handemakt og hest. I botnen på kvar gruve sat til ei kvar tid ein mann og pumpa ut vatn som stadig seig inn, og berre «koler» eller tranlamper lyste opp i nettverket av gruver som med etterkvart nådde omlag 200 meters djupne. Boringa vart truleg gjort både med handemakt og dampdrivne pressluftbor. Sluskane arbeidde i tresko og ullklede for ei til to kroner dagen, og fekk aldri kontrakt for lenger enn 23 månader. Slik slapp selskapet å betale arbeidsløysetrygd for dei dersom drifta måte reduserast, og sluskane for på ei evig vandring mellom veg- og banebygging og gruvearbeid andre stader i landet. Ikkje sjeldan sat koner og born igjen i provisoriske husvære, og kommunens fattigkasse fekk bein å gå på.

Kontrasten til familien Daw og den vakre hagen rundt den storslåtte empire-bygningen der dei budde må ha vore slåande. Med den 70 fot store kystdampbåten Nellie drog familien på vitjingar til kondisjonerte kjenningar og på blømingstur til Hardanger. Lokale tenestejenter fekk innsyn i ei verd med pianomusikk,maleri og porselen hos ei strålande vakker husfrue og ein stram direktør med 750 kroner i månadsløn.

Drifta støtte allikevel på problem. Dei lovande analysane frå tidlegare heldt ikkje stikk, noko som er typisk for kvartsgongar der gullet finnest i store klumpar eller stuffar. Ein brann i ei av gruvene sette arbeidet langt tilbake, og selskapet gjekk gjennom fleire refinansieringar fram mot 1897, då drifta opphøyrte i Oscarsverkjet. Resultatet av drifta så langt var omlag 138 kilo gull. Daw reiste sjølv rett frå Løkling til Obuasi-elva i Ghana og starta The Ashanti Goldfields Company Lmt., noko som må ha vore eit prosjekt som sette opplevingane på Løkling fullstendig i skyggen.

Oscarskompaniet blir i 1906 reetablert som «The Haakon Gold Mining Company Lmt.», og driv «prøvedrift» fram til 1910, med Daws svoger Paul Anton Newton Bluett som direktør og Daws søster Polly som husfrue. Drifta gav offisielt berre omlag fem kilo gull i utbyte. Etter dette var den engelske epoken på Bømlo slutt, med unntak av eitt og anna blodsband som var knytta.

Det andre «store» selskapet på Løkling var Madam Jonassen sitt «The Haugesund Gold Mining Company Lmt.» som og hadde engelske investorar men med langt mindre ressursar enn Oscarsverkjet. Dette vart kalla «Badleyverkjet» på folkemunne, etter ein av direktørane der, Joseph Baddeley.


Lystbåten Nellie.
På det meste hadde dei om lag 25 mann tilsette, og tok ut mellom 20 og 30 kilo gull i løpet av ein driftsperiode med mange opphald. Haugesundsgangen som dette selskapet rådde over, er i ettertid rekna som den beste kvartsgongen på Løkling, der det den dag i dag blir teke ut gull, om enn i langt mindre omfang. Dette selskapet er allikevel mest kjend for Madam Jonassen sitt famøse avslag på 900.000 kroners tilbodet «ho» fekk for selskapet. Ho ville ha millionen fullt ut, og eit lite år seinare gjekk selskapet hennar konkurs. Det einaste ho sat att med var tre armband, ein brosje og briller i gull frå Løkling. Dette er truleg ein av dei kuriøse historiane i familiane til Magne og Geir Rommetveit, som er etterkomarar etter Madam Jonassen. Barnehagen på Litlabø, «Jonassenhuset», er flytta frå Løkling der det var kontorbygning for Madam Jonassen sitt selskap.

Det tredje og nest største selskapet som dreiv gullgruver på Løkling er det heilnorske «Bømmeløens Forenede Guldgrubekompagni». Dette vart lansert som eit norsk forsøk på å hindre at dei store rikdomane skulle hamne på utanlandske hender aleine. Selskapet vart kalla «Dalsverkjet» på folkemunne, etter styraren Sigvart Dahl. Selskapet kom seint igong, men fekk etterkvart topp moderne utstyr til å knusa steinen med.

Anleggsbygningane låg i Risvika ved Flatanesgruva, og her arbeidde omlag 50 mann på det meste. Mellom mange andre var ein Friele i Bergen med som aksjonær og styremedlem, og fekk heile gullstuffar tilsendt som utbyte. Dette selskapet rådde ikkje over gruver med tilstrekkeleg gullmengder, og gjekk konkurs som dei andre. Trass i dette fann to ungar for ikkje mange år sidan ein gullstuff utanfor den eine gruva som etter taksering vart verdsett til kr. 60.000,-. Dette var etter at dei hadde mista halve stuffen i eit myrhol då dei sat og banka på han.

Det finnest mange slike historiar om tilfeldige gullfunn på Løkling, både frå gammal og ny tid. Allikevel skal ein vita at for å leite etter gull må ein ha mutingsbrev, og ikkje som mange gjennom åra har gjort, respektlaust rive ned murar og minner etter gruvetida i formålslaus leiting etter gull.

Sørgeleg er det og at all den kvite fine kvartssteinen som farga slagghaugane er forsvunne litt etter litt avdi «alle» skal ha med seg ein «gullstein» heim frå søndagsturen. Gullet i berget på Løkling er mest verdt der det ligg, som myte og næring for fantasien.

Etter auksjonen i 1916 vart alt gjenværande av bygningar, material og utstyr fjerna, rive ned og brukt til andre ting som folk hadde nytte av. Den store haugen med gullhaldig steinstøv ved Djupevika forsvann litt etter litt som pussesand og lever idag som beslag på pipene rundt om i bygda.

Idag ligg berre vassfylte gruvehol, nokre murar og ein gullregn igjen og fortel om slitet, pengane og optimismen som vart investert i eventyret. Det som skulle bli den nye framtida og bringe rikdom og den nye verda til den vesle kystbygda, vart prega av vonbrot og tap. Etter det låg farlege gruvehol og mengder av kvikksølv igjen til skade for både folk og fe, og gullregnen blømer like freistande år om anna. Historia vart ikkje noko positivt å snakke om, og like til dei siste 10-15 åra har gruvene ligge der utan å ha noko plass i vår stolte historie.

Kjelde: Brynjar Stautland, artikkel i Sunnhordland

Sist endra 17.10.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering