Gyldne minne frå Bømlo

Båten Nellie - Klikk for stort bilete Jean Howard - Klikk for stort bilete Direktørbustaden - Klikk for stort bilete

Eg har leita etter nåla i høystakken, og funne den! Annonsering i aviser og tidsskrift verda over har gjeve resultat. Eit svarbrev frå ein historiker i Ghana har ført meg frå Bømlo til denne døra i eit staseleg murhus på Guernsey. Eg ringer på for å møte barnebarnet etter direktøren ved The Oscar Gold Mining Company Lmt. på Løkling før århundreskiftet.

 

Døra går opp, og ei dame i blåblomstrete badedrakt ropar "Brinjarr!, come on in". Eg og mitt reisefølge vert geleida gjennom huset og ut i hagen der to eldre turtelduer padlar med skrøpelege symjetak rundt i eit glitrande basseng kledd med blå mosaikk. Det private i situasjonen blir fort avvæpna med latter og orsakande replikkar, dronninga i pool'en stig opp av vatnet som ein tilårskomen Afrodite og presenterer seg som Jean; "..my mother was Nellie, John Daw juniors daughter". Den blonde ladyen som leidde oss gjennom huset er Mrs. Margareth Spencer, Jeans dotter og den me har hatt kontakt med via brev.  Jeans følge i pool`en som i livet elles er Bill Howard, pensjonert oberst med ærerik fortid i The British Army. Samtalane ved pool´en på Guernsey flytta oss raskt tilbake til familien Daws liv i huset ved tjernet på Løkling 115 år tidlegare.

 

Gullet på Bømlo
Forventningane mine til dette møtet var store etter å ha arbeidd med denne underleg lite påakta historia gjennom lengre tid. Etter at det siste skikkelege forsøket på gullgruvedrift vart avslutta i 1910, hadde omlag 200 kilo gull blitt utskilt frå kvartsårane på Løkling. Alle selskapa vart avvikla etter at 4,5 millionar kroner i aksjekapital hadde skifta eigarar for å få ut gull for ein halv million. Innsatsen speglar den voldsomme optimismen som vart knytta til gullfunna tidleg på 1880-talet, men bakom tal og tekniske konstruksjonar var det personlege historiar. Den historia me så langt har visst lite om, er slik:

 

Den engelske direktørfamilien  
 Jean Howard, bilete.
"Vår" direktør John Daw junior kom som 17-åring til Norge frå Devonshire i 1868 ilag med mor si og søskena sine. Faren, John Daw (senior) hadde arbeidd ved ulike gruver i Telemark sidan 1863, og  var i 1868 direktør  ved Åmdahls Verk. Sønene gjekk i lære hos faren ved kopargruva i Dalen. Om "mining captain" John Daw senior er det mange historier, men han skal  m.a.  ha vore den første som la vatn i røyrgater og brukte pressluftbor her i landet. Ein av sønene, Albert, var allerede direktør ved smelteverket i Sauda då John junior i 1883-84 som 32-åring reiste frå Dalen for å tiltre som styrar ved det nyoppretta engelske gullgruveselskapet  The Oscar Gold Mining Company Lmt. på Løkling. Dette selskapet vart det første og desidert største av aktørane i gulltida på Bømlo.

 

Dei to andre selskapa av ein viss storleik var The Haugesund Gold Mining Company Lmt.  med den vidgjetne "madam" Jonassen frå Haugesund som sentral og karismatisk figur. Det tredje og einaste heilnorske selskapet var Bømmeløens Forenede Grubeselskap med Sigwart Dahl som styrar. Med seg til Bømlo hadde  John Daw junior den 21-årige kona Fanny Elisabeth og to små barn. Det eine barnet var den årsgamle Nellie, mor til Jean som me no drøser med ved swimmingpoolen på Guernsey.

 

Fanny fortel, og me lyttar til historia om det engelske imperiets representantar på Bømlo rundt århundreskiftet. I 1884 fødde Fanny ein son til i direktørhuset på Løkling, og seinare ei dotter på sjukehuset i Stavanger. John kjøpte eigedomen "Blidensol" i Stavanger i 1888. Fanny budde på Løkling og truleg periodevis i Stavanger med mann og barn fram til 1891, då ho og ungane reiste tilbake til England.  John Daw jr. vart igjen på vestlandet enno nokre år som direktør ved gullgruvene og for å skjøtte sitt verv som, ifølge Jean, engelsk konsul på sørvestlandet. Oscarskompaniet avvikla gruvedrifta på Løkling i 1896-97 etter fleire konkursar og re-organiseringar, og John Daw jr. reiste frå Bømlo for godt.   Í I 1897 er han på plass i Afrika, etter å ha blitt kontakta av misjonæren Cade som av dei innfødte på misjonsmarka i Ghana hadde fått nyss om store gullførekomstar ved Obuasi-elva. Cade skifta raskt kall og vart Daws kompanjong i det som vart heitande The Ashanti Goldfields Company Lmt.  Så seint som i 1989 var denne gullgruva på den afrikanske gullkysten rekna som den sjette største  i verda.

 

Fannys hage
Jean fortel om Fanny som skal ha vore sjuk og svakeleg av seg i oppveksten, men som lagde ein mønsterheim i og rundt det store og vakre trehuset som John Daw jr. reiste for familien sin ved tjernet på Løkling. Med ei månadsløn på 750 kroner mot arbeidaranes 20-40 kroner kunne han vèl byggje hus, tenkjer me. Jean blir vemodig då ho for første gong får sjå fotografi frå det som eingong var ein hage med gullregn, kastanjer, blodbøk, ein flott grønsakhage og funklande springvatn.  Jean har aldri vore i Norge, men har historiane frå mora levande i seg. Høns og ender fekk alle eigne namn hos Fanny som fann seg tilrette på eit vis i dette området som kunne likne på lyngheiane ved Devon der ho vaks opp.  Ho fekk allikevel søster si  til å kome for å bu hos seg i ein tidleg periode av opphaldet på Bømlo. Mangelen på omgangsvener som kunne engelsk, sette vel sitt preg på dei første vintrane på Løklingeheiane. Jean held fram familien Racine som kan ha budd i Haugesund eller Stavanger som dei kjæraste venene av familien i denne tida. 

 

Det var visstnok ikkje manglande gjestfridom på Bømlo som feila, heller det at direktøren helst såg at kona var i huset når han kom heim, og ikkje hos konene i bygda i slabberas! På denne tida var det vanleg at døtrene i ein "kondisjonert" familie fekk reise til verdige vener av familien for å lære seg hushaldningskunsten. Slik hadde det seg vel at  den norske statsministerens dotter, det må vel ha vore Sverdrups, i ein periode på slutten av 1880-åra kom til heimen på Løklingeheiane for å gå i lære hos Nellie og hushjelpene Dikka Gabrielsen og Dina Geitung.

 

Norske tradisjonar   
Direktørhuset står i dag på Leirvik, bilete. (Foto: Brynjar Stautland)
Jean hentar fram gamle fotografi og gjenstandar ho har etter mora frå tida på Bømlo for over 100 år sidan. Ei sølvspenne som me forklarer er bunadssølv, eit pyntehandkle med norsk påskrift  frå kjøkenet i direktørhuset, eit hekla teppe. Handfaste minner frå ei tid som har prega familien i den grad at Jean og Bill enno feirar jul på julafta og ikkje på 1.ste dag slik skikken er i England. Heile familien til John Daw jr. snakka norsk, og sjølv den 78 år gamle Jean som aldri har vore i Norge deklamerer regler og syng skillingsviser for oss på (relativt) klingande norsk.  

 

"1-2-3-4-5-6-7, mannen er en hønsetju`"- med restar av bømladialekt  skaper stor stemning rundt hagebordet ved pool`en der me blir traktert med "pims" av gradvis større militær styrke etterkvart som den gamle obersten får styre miksinga. I gamle papir her heime er det nemnt at på 17-mai festen som Daw  jr. fekk istand på "´verkjet" i 1887 underheldt han med    "morospel".  Jean hugsar bestefaren som ein lidenskapeleg tryllekunstnar i lystig lag. Hushjelpene Dikka og Dina vart kjære medlemer av familien på Løkling, og var dei som lærte Fanny og barna norske regler, songar, eventyr og skikkar.  Dikka fortalde stadig ungane historier om nissar og troll. Nissen budde i tjernet ved huset, det var klart. Dette heldt på å få tragiske følgjer.

 

Ein vinter då tjernet var tilfrose ville vesle fire-femårige Nellie bort til råka i isen for å presentere ønskelista for nissen. Det gjekk som det måtte gå; Nellie hamna blandt endene i den iskalde råka. Medan Nellie kava for livet, tusla den 2-3 årige broren Will  bort til ein snikkar som arbeidde på   k huset og fortalde på treårings vis korleis søstera bar seg åt på nissebesøk.  Snikkaren kasta seg rundt, fekk ved hjelp av stegen tak i Nellie og bar henne dyvåt og forkomen inn i huset der John svima av medan Fanny tok hand om ungen. Det slår oss at utan denne snikkaren hadde me neppe hatt ærend på Guernsey denne sommaren. Dikka følgde seinare med familien til England som hushjelp, og vart gift der. Dina vart seinare mor til Peter Hermansen, kjent og kjær prest på Bømlo.

 

"D/S Nellie"  
D/S Nellie bilete. (Foto: frå boka "Gullgravarane på Løkling")
Kanskje gleda over at dottera berga livet gjorde at John kalla opp båten sin etter Nellie. Det skal ha vore ein staseleg dampcruiser av jern, på skap som ein atlanterhavskryssar. Bømlingen, sjømannen og gruvearbeidaren Kolbein Melkevik henta båten i England  og var etter dette skipper på "Nellie" så lenge den var på Bømlo. Båten vart nytta til å transportere både Daw og hans svoger og seinare direktør ved gullgruvene, Paul Albert Newton Bluett på oppdrag og ærend i distriktet. Daw skal blandt anna ha vore på vår-cruise i Hardangerfjorden med "Nellie". Kanskje vart båten også nytta til å slepe lekterar med stein frå Risvika til knuseverket ovanfor Djupevika før jernbanen vart bygd.

 

Son til skipperen, Jørgen Melkevik eller Georg Wick som han kalla seg etter mange år i Amerika, fortalde at det siste han høyrde om denne båten var at den ombygd og under namnet "Solbris" vart nytta av nokre nazistar som rømde frå leiren på Espeland ved Bergen i 1947. Etter mye om og men kom dei fram til Argentina eit år seinare med prestesonen Johan Landmark som skipper. I ettertid viser det seg at dersom dette stemmer, må det vera same båt som Christian Michelsen kjøpte og pussa opp til sin private, 72 fots lystyacht rundt 1920 under namnet "Lucius". Båten gjorde då 9 knop med den originale dampmaskinen. Det er likevel enno usikkert om Nellie og Solbris er same båt.

 

Daws etter Bømlo
Då gruvedrifta på Bømlo i 1897 vart nedlagt, tok Daw familien med til Ealing utanfor London. Sjølv arbeidde han lange periodar i Ghana. I 1902 flytta dei til Dartmoor der John Daw jr.  leigde eit av Earl of Devons slott; Tavistock. Her vart John eigar av den første Bentley`en som rulla på vegen, med nummerskilt  A1. På Tavistock gjorde Daw jr. sitt beste for å skape eit godt liv for døtrene, ifølge Jean i den grad at då døtrene skulle giftast utbraut han at "what have I not given them so that they have to marry"? Noko mangla vel, for begge døtrene vart gift, Nellie med gruveingeniøren Colin Mackenzie, far til Jean. 

 

Jean er idag busett med obersten sin utanfor London, og er som oss på vitjing hos dottera Margareth på Guernsey. Enno er den hjartegode Jean i arbeid, om enn mindre som lærar og meir som "bestemor" ved barneskulen i Walton-on-Thames. Livshistoria til "vår" gullgruvedirektør vart ikkje berre gullfarga. Sonen Will som berga Nellie på nissebesøk i tjernet på Løkling, døydde av lungebetennelse i Nord-Frankrike den siste dagen av 1.ste verdskrig. John Daw juniors andre son, Jack, opplevde å bli levande begravd i Canada i 1932.  Nellies søster  mista mannen sin i 1919 og døydde sjølv kort tid etter,- av hjartesorg!  John Daw jr. døydde sjølv i 1933, men var ifølge Jean til det siste prega av sin ukuelege optimisme og livsmot som hadde ført han ut på eventyr til Bømlo og Ghana, begge stader sikkert like eksotiske den gong som no.

 

Dei få "direktørhistoriane" me kjenner til frå Løkling er knytta til John Daw juniors etterfølgar; Paul A. N. Bluett. Bluett var direktør i ein fireårsperiode frå 1906-1910 då eit nytt engelsk selskap dreiv "prøvedrift" på det gamle Oscarkompaniets tomter. Enno heiter tjernet der direktørhuset stod "Blyttadammen" etter Bluett. Gamle Georg Wick som vaks opp ved gruvene og arbeidde der i 1910 hugsa godt "Blytten" og kona Polly, John Daw juniors søster.   Jean ler godt av Georg Wicks historier om Polly som stadig sparka skipperen på "Nellie" frå jobben; temperamentet skal ikkje ha avteke etter at dei flytta tilbake til England! Bluetts barn, Mae, Mabel og Bertie kan ha vore frå 8-16 år den tida dei budde på Løkling. Ifølge Jean vart Mabels dotter Heather gift med kompanjongen til ein av dei mektigaste og rikaste gruvedirektørane i Sør Afrika; Ernest Oppenheimer. Heather Holman bur idag i ein hamneby på søraustkysten av England.

 

Tilbake i Norge
Nellie og systera Lillian var tilbake på vestlandet i 1914 for å vitje familien Racine, sjå Hardangerfjorden og for at ektemakane skulle få fiske laks. Om dei var på Bømlo denne gongen er uvisst. Då stod anlegga folketomme og gruvene var fylte med vatn. To år seinare vart anlegg og eigedomar kjøpt av oppsitjarar på Løkling og auksjonert ut. Slik vart alt av verdi fjerna og omsett i pengar, og for dei fastbuande var vel det eventyrlege med gullet i utemarka blitt erstatta med nære minne om ufatteleg slit, fattige tilreisande, brotne illusjonar og farlege gruvehól. Jean finn fram enno eit minne frå Nellie og direktørhuset på Løkling; eit gulna, gamalt partiturhefte med norsk tekst utanpå. Jeans 16 år gamle barnebarn Anne Marie set seg til pianoet, og til tonane frå Griegs "Bryllupssang" tek me farvel, med invitasjonar att og fram over Nordsjøen. John Daw juniors dotter Nellie døydde 94 år gamal i 1976, og gledde barn og barnebarn til det siste med å fortelje historier frå gullgruvetida på Bømlo, som ho ifølge Gene "made to be a golden memory".

 

Kjelde: Artikkel i Haugesunds Avis, 27.sept.1997, av Brynjar Stautland

Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 14.07.2014
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering