Lindøy

Lindøy - Klikk for stort bilete Lindøy ligg vest for Kulleseidkanalen.

Ein liten båttur frå Kulleseidkanalen ligg Lindøy, ei vakker perle med særmerkt natur. Her finn ein tresortar som ikkje veks andre stader på øya, og ei vandring i skogen her er ei spesiell oppleving. Framleis kan ein sjå spor etter tidlegare tider her, og fordi det går villsau på beite her ute heile året, er gamle stiar langt ifrå gjengrodde.

I 1865 starta ein opp med skjerping av svovelkis på Lindøy. Tar du ein båttur rundt øya vil du kunne sjå "moldvarp-dunger" overalt. Også i land er det lett å finne gruver, men hald eit auge med ungane her - for mange er ikkje sikra skikkeleg.

I 1904 kom Diakon Nils Endresen Berøen på at han kunne skipa til barneheim her ute, og kjøpte gardsbruket. Her grunnla han Finaas Barnehjem. Heimen var tenkt til uheldigstilte born, det vil seie foreldrelause og born fødd utanfor ekteskapet. Snart synte det seg at ein nok berre kunne ta imot gutar, og heimen vart omdøypt til Guttehjemmet Fredheim. På det meste var det inntil 25 gutar her, men det synte seg at det var vanskeleg å skaffa lærarar og personell som ville busetta seg på holmen. I 1920 vart heimen flytta nærmare Bergen.

I dag kan ein sjå ruinar av skulehuset, og klatra i dei fantastiske lindetrea som vart planta i dei dagar når det budde folk på øya. Elles er det flott teltplass og badestrand her ute, og eit uvanleg turterreng.  

Sist endra 17.10.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering