Om øya Bømlo

Bømlo er ein øykommune med til saman over 1 000 større og mindre øyar. 

Du er aldri langt frå sjøen på Bømlo, med Nordsjøen som næraste nabo. Flateinnhaldet i kommunen er 247 km2 og innbyggjartalet er  11 960. Kommunen sitt handels- og kommunikasjonssenter ligg på Svortland. Elles er busetnaden spreidd, med heile 7 tettstader. Det maritime miljøet pregar næringslivet. Sjøen er også ein viktig faktor for reiselivsnæringa, der skjærgarden lokkar med holmar og øyar, lune vikar og kanalar. På Bømlo finn ein vekslande natur, frå det karrige landskapet ytterst mot havet, til meir frodige område.

 

Opplev Bømlo

 


Frå Siggjo (474 m.o.h.), den høgaste fjelltoppen, er det utsyn frå Folgefonna i aust til Haugesund i sør, og dette populære turmålet har har vore og er eit kjent landemerke. Kommuneadministrasjonen er å finna i rådhuset på Svortland.
 

Turistinformasjon

 

Fakta:

  • 1000 øyar. Flateinnhald 247 kvadratkilometer
  • 11 960 innbyggjarar
  • 10 skular med om lag 1750 elevar
  • 2 fylkeskommunale vidaregåande skular, Bømlo vidaregåande skule og Rubbestadnes vidaregåande skule/Maritime fagskule               
  • 1 folkehøgskule, Bømlo Folkehøgskule
  • 8 barnehagar med full barnehagedekking                
  • 100 institusjonsplassar 
  • 150 kommunale bueiningar (omsorg, flyktningar, PU og andre) 
  • Over 700 bedrifter, eit høgteknologisk miljø, mekanisk industri, rederiverksemd, havbruksnæring, reiselivs-, handels- og servicenæringar 

Lenker:
              
Rapporten "Flytting og bostedsvalg  - en analyse av flytteprosessser i Bømlo kommune i Sunnhordland" (PDF, 836 kB)

Solnedgang (Foto: Jan Rabben) - Klikk for stort bilete

Sist endra 01.04.2019
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering