Ord og uttrykk på Bømlo

Omslagsbilete på "Bømlamålet - meir enn rongepådl" frå bømlobok.no - Klikk for stort bilete bømlobok.no    

I bømladialekta finst det mange rare og flotte ord. Noko ikkje minst Finn Bakke og Inge Håvard Habbestad har fått mellom to permar med utgjevinga av boka "Bømlamålet - meir enn rongepådl" på forlaget bømlobok.no   

 

Me tek med eit lite utval Ord og utrykk henta frå Birger Røksund og Halvor Geitung sine bøker:

 

Agaløyse - ikkje bry seg om noko ting
Ambla på - asa på for å komma i gong med eitkvart
Amla - ro seg varsomt fram i livet
Antipoder - går med føttene mot kvarandre, bur på kvar si side av jorda
Attegløyme - ei gammal jente som ikkje vart gift
Avisand - ei usanning som er kommen i avisa

 

Bakkenbart - kinnskjegg
Benkegåve - morgongåve som brudgommen gav brura
Bolna  - svulma
Bolsa - skryta
Bolta - snakka
Bøkje - eit gammalt farty, eller eit urimeleg kvinnemenneske

 

Det sat som skinnet på ei pølse - det stod stramt på kroppen
Det står ikkje så på spila - det har ikkje noko hastverk
Det var ikkje mykje ivåtta - det hadde ikkje mykje verd
Det var så bort i hampen - det var så gale det kunne vera
Dronsa  - ferm kvinne
Dårekiste - sinnssjukehus

 

Ei skreme - eit menneske som folk styggjest ved
Eiste - testikkel
Eta skjoreegg - har lett for å fortelja andre det ein får vita
Eta stidla - eta opp all maten som er boren på bordet
Eyrir - mynt og vekteining i gammal tid

 

Festargåve - trulovingsgåve
Festarnål - truloving
Finkenett - flortynt undertøy for damer
Fjåmen - dorsk
Flabb - kjeft  


Ganda - sint
Gildra seg - gleda seg
Gyger - trollkone  

 

Han var i eit ekse - han var oppøst
Han var ikkje god å ble opp - han var ikkje god å få has på
Hama seg - kle seg skikkeleg, skifta
Hesplatre - hespetre, reiskap til å ha trådhesplane på, også brukt om vrange kvinnfolk
Hoveldestykke - fremste stykket av fisken
Hovera - briska seg, vera kry   

 

Illgjeten - namnkjend for dårleg framferd
Illskrika - skrika i eit kjør  

 

Jeivia - driva ap med Guds ord
Jenka - dela på det
Jentetokka - hadde ein som var populær blant jentene
Jåla - ei som heng mykje stas på seg  


Kams - ein rett laga av fiskelever og mjøl
Kane eller kjenge - ei skål med handtak på begge sider
Kjelost - ein rett kokt av råmjølk
Kjem - småskog   Løyen - morsam  

 

Matrone - ei ferm kvinne
Megga - ferm kvinne  

 

Nauddåp, heimedåp - dåp utanom kyrkja
Nåmen - paralysert  

 

Pelma i seg - drikka mykje
Putlestove - leikestove  

 

Ronga seg - kasta opp
Rångepådl - feil sko på feil fot  

 

Saugakrabbe - utøy på smaler
Snavla - kjeften
Snek - lukt  

 

Vigra - stå ustøtt

   

Sist endra 20.11.2014
Fant du det du leitte etter?
Nyttige lenker (1)
 
Login for redigering