Veit du dette om Bømlo?

Bømlo gjennom tidene            

Kommunehistorie                   

Levevis og levekår fyrr og no    

Ein gullgravar skreiv...                   

Eit riss av historia på Foldrøyhamn               


Våren 2001 opplevde Bømlo ein ny tidsalder ved at øya vart knytta til fastlandet og naboøya Stord gjennom Trekantsambandet. Busetjinga på Bømlo er spreidd, med heile fem tettstader; Langevåg, Moster, Finnås, Rubbestadneset, Svortland. Kommunikasjonane er gode, særleg gjennom Trekantsambandet. I tillegg har Bømlo ferjesamband frå Langevåg til fastlandet på Sveio og daglege hurtigbåtsamband til Stord, Bergen, Haugesund og Stavanger. Flyplassane i Bergen, Haugesund og på Stord ligg alle innanfor rimeleg reisetid.


Kulturlivet blømer. Vårt lokale Bømlo Teater - ei samanslåing av Bømloteateret  og Bømlo Musikal Laug i 2011 -spelar på mange strenger. Bømloteateret  er vide kjent for det tradisjonsrike Mostraspelet, og Bømlo Musikal Laug har fått eit namn som produsent av store musikalar. Det storslagne Moster Amfi er deira arena. Elles har Bømlo fleire aktive kor for ulike aldersgrupper, Bømlo Janitsjar for dei vaksne, og mange skulekorps for dei yngre. Bømlo kulturskule koordinerer mange av desse tilboda. På nyåret 2005 vart Bømlo bygdatun på Langevåg lengst sør på øya tatt i bruk, og i oktober same år vart Bømlo kulturhus (bilete) som ligg vakkert til ved Storavatnet på Svortland opna.


Innan sport dominerer fotballen, men mange er og aktive innan andre idrettar. Aktivitetane er organiserte i fleire idrettslag rundt i heile kommunen.


Kyrkja og kristenlivet har tradisjonelt stått sterkt i Bømlo, med seks vakre kyrkjer og mange bedehus.


Båtlivet står sterkt på Bømlo
På Bømlo er ein aldri langt frå sjøen. Båtliv og fiske er ein naturleg del av tilveret for dei fleste bømlingane, med plass nok til at alle finn sin spesielle stad. Store delar av næringslivet er naturleg knytta til havet. Bømlingane er såleis både øybuarar og verdsvante. Godt forankra i eigen kyst- og småbrukskultur reiser mange verda rundt som sjøfolk, oljearbeidarar, servicefolk og som representantar for dei internasjonale verksemdene.


Bømlingane har alltid vore glade i å ta imot gjester og tilflyttarar. Dei er stolte av heimstaden, røtene sine og det mangfaldet som Bømlo representerer. Trongen for godt kvalifisert arbeidskraft har ført med seg mykje tilflytting. Dette gjev næringslivet på Bømlo stabil og høgt kvalifisert arbeidskraft, noko som utgjer ein viktig og positiv konkurransefaktor for verksemdene. Dei mange industribedriftene har skapt grunnlag for utbygging av handels- og servicenæringane. Dermed har Bømlo eit godt utbygt og profesjonelt servicemiljø med moderne forretningar og kjøpesenter, der ein finn det meste.
 

Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 03.07.2014
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering