Generelt om handsaming av personopplysningar

Ei hand å halda i - Klikk for stort bilete

 

Kontakt kommunen via eDialog - sikker innsending av post

Via eDialog kan du senda post på ein sikker måte til Bømlo kommune. Her loggar du deg på med ID porten (MinID, BankID mm)  og dokumenta vert sendt i sikra/kryptert dataline. Les meir om/send inn via eDialog her.

Kontakt kommunen via www.bomlo.kommune.no

Via kommunen sine internettsider kan du gje tilbakemeldingar til Bømlo kommune ved å nytta "fann du det du leita etter" - skjema. Dersom du ønskjer tilbakemelding på førespurnaden, må du leggja inn e-postadressa di, då svar vert sendt med e-post.

Bruk av e-post gjev ikkje tilfredsstillande tryggleik for personopplysningar. Bømlo kommune vil ikkje nytta e-post til å senda sensitive opplysningar eller informasjon av privat karakter.

Bømlo kommune ber om at førespurnader med sensitive opplysningar eller informasjon av privat karakter ikkje vert sendt via "fant du det du leitte etter" -skjemaet.

Kontakt Bømlo kommune via e-post

Bruk av e-post gjev ikkje tilfredsstillande tryggleik for personopplysningar. E-post bør difor berre nyttast til enkle spørsmål. Bømlo kommune ber om at førespurnader med sensitive opplysningar eller informasjon av privat karakter ikkje vert sendt via e-post men via sikker innsending av dokumenttenesta eDialog. Les meir om/send inn via eDialog her.

Elektroniske skjema

Bømlo kommune har fleire typar av skjema for utfylling. Nokre skjema kan ein fylla ut og senda inn elektronisk. Samstundes er det også mange skjema som må skrivast ut og sendast inn som papirsøknad.

Sjå personvernerklæring for elektroniske skjema.

Alle elektroniske skjema vert sendt over sikker line og innhaldet vert kryptert. Me oppmodar alle som sender inn elektroniske skjema til å autentisera seg med ID-porten.

ID-porten har ulike tryggleiksnivå. MinID er ikkje ein elektronisk signatur.

Ved å nytte ID-porten vil ein kunne få førehandsutfylt eigen kontaktinformasjon i skjema ein nyttar.

Oppdatering og sletting av personopplysningar

Den enkelte kan via BrukarID oppdatere eigen kontaktinformasjon i nasjonalt kontaktregister. Les meir om korleis du oppdaterer kontaktinformasjonen her.

Gje melding til Bømlo kommune dersom du ønskjer å bli sletta som brukar.

Informasjon som vert lagra automatisk

Me måler trafikk på nettsida vår både via klient-side måling (via eit javascript/SiteImprove). Når du vitjar https://www.bomlo.kommune.no/ tek me vare på noko informasjon; som IP-adresse, kva slag nettlesar og operativsystem du nyttar, kva sider på www.bomlo.kommune.no du vitjar, kva side du kom frå då du gjekk inn på www.bomlo.kommune.no, osb.

For å generera meir avansert statistikk er programvara me nyttar avhengig av informasjonskapslar (cookies). Les meir om informasjonskapslar her. Du kan få tilgang til sidene våre sjølv om du vel å ikkje godta kapselen frå www.bomlo.kommune.no. 

Me gjer merksam på at alle data me samlar inn på denne måten berre vert nytta for statistiske føremål, vedlikehald og utvikling. Denne informasjonen hjelper oss mellom anna til å vurdera kva vitjarane på www.bomlo.kommune.no er mest interessert i. Bømlo kommune nyttar ikkje informasjonskapslar til å lagra personopplysningar. 

Lenkjer til andre nettstader

På kommunen si heimeside har me lenkjer til andre nettstader, organisasjonar og verksemder. Me gjer merksam på at Bømlo kommune sine retningsliner for personvern ikkje omfattar desse nettstadene. Dei aktuelle nettstadene vil ha eigne retningsliner som ein må setja seg inn i.

 

 

Publisert av Jostein Sæverud. Sist endra 02.08.2018
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering